Giske kommune og situasjonen i Ukraina

Giske kommune si samleside om situasjonen i Ukraina

Har du ein bustad du tenkjer kan passe ukrainske flyktningar?

  

Kan du tenkje deg å hjelpe? 

 

Fleire har tatt kontakt med spørsmål om kva Giske kommune gjer i samband med mottak av flyktningar frå Ukraina.

 

 Mange tek kontakt for å hjelpe flyktningar som kjem til Giske kommune frå Ukraina. Vi har førebels ikkje full oversikt over kor mange som har kome hit som turistar og bur i private heimar.

 

Har du bustad/husvære som kan vere aktuell for flyktningar? 

I første omgang er vi interessert i boligar på Valderøya da det er nært tenester dei kan få behov for.

 

Meir enn to millionar menneske er på flukt frå krigen i Ukraina akkurat no. Nokre av dei har også  kome til vårt nærområde.