Jod-beredskap i Giske kommune

Mange lurer på om dei treng å ta jodtablettar som følgje av situasjonen i Ukraina. På grunn av den store geografiske avstanden er det svært lite sannsynleg at det blir naudsynt å ta jodtablettar i Noreg. Uavhengig av situasjonen i Ukraina tilrår DSA alle under 40 år å ha jodtablettar lagra i heimen. Hovudgrunnen er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Les meir om jodtablettar her.

Giske kommune delte i 2018 ut jod-tablettar til alle skulane og barnehagane i kommunen. Tablettane skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Beredskapsleiinga i kommunen vil gi beskjed til skulane og barnehagene om det blir aktuelt.

 

Kvifor ta jodtablettar?

Ved ei atomulykke kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta og bli tatt opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller tar til seg forureina mat og drikke. Tilskot av naturleg jod blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med råd om å opphalde seg innandørs opptil 2 døgn.

 

Kven skal ta jodtablettar?

Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tar tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsette for radioaktivt jod. Det kan i heilt særskilde situasjonar også vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år. Dei over 40 år har svært liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen, treng ikkje å ta jodtablettar. Myndigheitene vil gi meir råd om kva for grupper av befolkninga som skal ta tablettane ved ei atomulykke.

 

Bruk ikkje jodtablettar:

  • dersom du er allergisk overfor kaliumjodid eller nokon av dei andre innhaldsstoffa i legemiddelet (lista opp i pakningsvedlegget)
  • dersom du har betennelse i skjoldbruskkjertelen (thyreoiditt)
  • dersom du har forstyrringar i skjoldbruskkjertelfunksjonen
  • dersom du har dermatitis herpetiformis (Duhrings sjukdom)

Viktige lenker

Ukraina