Beredskap og tryggleik

Kontakt nødetatane ved behov for utrykning!

Nødtelefonar:

Politi: 112
Ambulanse: 113
Brann: 110
Legevaktsentral 116117

Beredskap er å vere budd på innsats for å møte uventa kritiske situasjonar.

Beredskapssystemet i Giske kommune skal ta vare på innbyggarane ved nødhendingar og ekstreme situasjonar etter reglane som er fastsett i Lov om kommunal beredskapsplikt, Sivilbeskyttelseslova og forskrifter.

 

System for kommunal beredskap

Giske kommune har beredskapsplaner med rutiner og instruksar som rettleiar ved krisesituasjonar eller katastrofer.

Beredskapssystemet i Giske er slikt oppbygt:

  • Kommunestyret har overordna ansvar og mynde.
  • Beredskapsleiinga har det daglege ansvaret og er sett saman av kommuneleiinga og fagpersonell med rådmannen som øvste leiar.
  • Beredskapsrådet er rådgjevande organ der beredskapsleiinga har med seg eksterne etatar som kraftleverandørar, Vegvesen, Raude Kross, Sivilforsvar, Heimevern, interkommunalt brannvesen, Avinor, Kystverket, Hamnevesen og politi.
  • Stabstøtte er administrative hjelpefunksjonar i krisesituasjonar.
  • Kriseteamet er administrativt fagpersonell som kan rykke ut ved behov.

Kriseteam/ Omsorgsberedskap

Kriseteamet, eller Omsorgsberedskapsgruppa, er sett saman av personar med ulik fagbakgrunn. Kriseteamet si oppgåve er å sørgje for at personar som er råka av ei krise får naudsynt oppfølging og hjelp. Det er rådmannen som leiar av den kommunale beredskapsleiinga som kan kalle ut kriseteamet.

Brann og forureining

Giske kommune er del i eit interkommunalt samarbeid mot akutt forureining gjennom Ålesund Brannverndistrikt (IUA Sunnmøre) som på kort varsel rykker ut ved brann, trafikkuhell, redning på sjø og vatn, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgåver.
 

Meir informasjon:

Slik kan du førebu deg på uønska hendingar - gå til https://www.sikkerhverdag.no/din-beredskap/