Beredskap i heimen

Er du budd?

For å styrke beredskapen i samfunnet oppfordrar Direktoratet for Samfunn og Beredskap (DSB) alle å vere budd på å klare seg sjølv i tre dagar.

I starten av desember 2018 sendte DSB ei brosjyre i posten med konkrete forslag til kva du bør ha i hus.

Dei grunnleggande behova som ein må dekke dei første tre dagane av ei krise er varme, drikke, mat, legemidlar, hygiene og informasjon. I brosjyra som du fekk i postkassa, og på www.sikkerhverdag.no , finn du konkrete forslag til kva du alltid bør ha i heimen.

- Kva gjer du om straumen vert borte fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke, eller det manglar vatn i springen?

Sjølv om Noreg er blant verdas tryggaste land, og alt tyder på at vi også vil vere det i tida som kjem, er det lurt å vere budd om noko uføresett skulle hende.

Korfor kampanje no?

DSB si folkeundersøking viser at innbyggarane er lite budd på ei krise der mange mistar straum eller vatn, eller om det skulle bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Vi må vere budd på å klare oss sjølv i ei krise, og viser til brosjyra som no vert sendt ut, og til desse nettsidene:

Informasjon om kampanjen " Du er en del av Norges beredskap"
www.dsb.no/egenberedskap

Oppdaterte råd om egenberedskap
www.sikkerhverdag.no

Sjå også kommunen si eiga brosjyre her (PDF, 780 kB).