Flyktningar frå Ukraina

Meir enn to millionar menneske er på flukt frå krigen i Ukraina akkurat no. Nokre av dei har også  kome til vårt nærområde.

 

 Dei fleste så langt har kome med direkte rutefly frå Gdansk og Kaunas. Mange har reist vidare til andre kommunar, men  det er også flyktningar som har vener og bekjente her i kommunen som har tatt imot dei.

Norge gir kollektiv midlertidig beskyttelse til dei som har kome hit som turistar. Utlendingsdirektoratet (UDI) melder at ukrainere som har ein stad å bu kan bli verande der inntil vidare. Dei vil få nærare beskjed om registrering.

Giske kommune jobbar no med å få oversikt over og klargjere kommunale bustader, helsehjelp og sette i verk andre nødvendige tiltak. Det kjem også løpande informasjon frå statleg hald på kva som skal skje vidare.

Dei som har tatt med seg kjæledyr frå Ukraina må registrere desse på Mattilsynet sine sider. 

Det blir lagt ut oppdatert informasjon på IMDI sine sider.

Andre nyttige lenker:

Regjeringen

Utlendingsdirektoratet (UDI)