Råd ved taking av hurtigtest

Nye råd ved taking av hurtigtest

 

Folkehelseinstituttet har oppdatert råd for korleis du skal ta sjølvtest for covid-19. Rådet er at du testar deg både frå svelg og nase. 

Følg bruksanvisninga til testen ved prøvetaking, men ta prøva frå svelget før den same prøvepinnen blir brukt til prøvetaking frå nase (sjå fremgangsmåte under). Ikkje ta testen berre frå svelge.

Du bør ta testen om morgon før inntak av mat og drikke, eventuelt minst 30 minutt etter inntak av mat og drikke, for å unngå at testen blir falskt positiv. Nokon mat- og drikkevarer kan påverka testresultatet frå svelget.

Slik utførar du testen:

  • Opne munnen og stryk prøvepinnen langs området der mandlane er (eller kunne vore). Stryk kvar side ca. 4 gangar. Bruk gjerne ein spegel.
  • Før så den same prøvepinnen forsiktig inn i det eine naseboret (1-2 cm inn). Roter penselen ca. 5 gongar (10 sekund) langs innsida av neseboret. Gjenta prosedyren i det andre naseboret.

  

Viktige lenker

Ukraina