Bestilling av koronavaksine
Bestilling av koronavaksine ved vaksinesenter i Giske kommune.
Bestilling til vaksinetime: www.c19.no
Ikkje tilgang eller problemar ved digital bestilling ring: 41 70 19 00 , tirsdag og torsdag , kl 11.00 - 13.00.
Vaksinesenteret er gamle Daggry barnehage, Valderhaug 2. Sjå kart.
Du kan også bestille for andre. Drop-in timer vært ein gang per veke, følg med Giske kommune nettside for dag og tidspunkt.
- Dose 1 - for dei som enno ikkje er vaksinert.
- Dose 2 – 3 veker sidan dose 1
- Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 – gjeld alle over 18 år.
- Dose 4 (personar med alvorlig svekt immunforsvar) - 3 månader sidan dose 3
- Dose 4 (personar over 80 år) - 4 månader etter dose 3
Vaksinesenteret vaksinerer barn og unge frå 5 - 18 år.
Barn under 16 år må har samtykke frå foresatte før vaksinering. Samtykke kan gjøres digitalt, gå til www.c19.no.
- Velg bestilling av korona-vaksinering
- Trykk på link under Samtykkeskjema for foresatte
Barn og ungdom mellom 5 og 15 år
- KAN få vaksine
- Det er ikkje viktig for samfunnet at barnet blir vaksinert – ein kan velje
- MEN: Ungdom mellom 12 og 15 år som har alvorleg sjukdom bør la seg vaksinere med to dosar
- Auka risiko på grunn av sjukdom hos barnet eller risiko i familien kan vere grunnar til å vaksinere barnet
- Dose to til barn mellom 12 og 15 år kan også vere aktuelt ved behov i samband med koronasertifikat før reise til utlandet
Ungdom mellom 15 og 18 år
- BØR vaksinere seg med to dosar
- Dei som har hatt covid kan vaksinere seg med ein dose.
- Etter kvart som ungdommen fyller 18 år kan dei også få dose 3, minst 20 veker etter dose 2
Publisert15.02.2022 11.27