Regler for tilsette

Koronavirus og reglar for tilsette – kan bli oppdatert på kort varsel:

13.03.2020 kl. 1330.

 

  • Alle møte som kan gjennomførast på SKYPE/video skal haldast på denne måten
  • Møteverksemd med meir enn 15 deltakarar tilstades skal ikkje finne stad. 
  • Tilsette blir bedne om å ikkje delta i eller oppsøke tilstellingar eller arrangement med mange menneske til stades.
  • Alle politiske møte er avlyst inntil vidare.
  • Tilsette skal ikkje reise på kurs og seminar. Anna reiseverksemd skal avtalast på førehand.
  • Har du vore i utlandet, skal du ha heimekarantene. Dette gjeld også husstanden din.
  • Alle offentlege arrangement i regi av Giske kommune er avlyst.
  • Vi oppfordrar tilsette til ikkje å reise til utlandet på ferie. Karantene etter eventuelt utanlandsopphald blir ikkje dekt av arbeidsgivar.
  • Ut frå korleis situasjonen utviklar seg, vil vi måtte vurdere inndraging av ferie.

 

Marianne Stokkereit Aasen
kommunedirektør