Det er oppretta fleire tiltak for å unngå smittespreiing av Koronaviruset COVID-19.
Dei viktigaste tiltaka er:
- hald avstand
- host i ermet
- bli heime om du er sjuk
Usikker på om du skal sjekke deg? Sjå https://helsenorge.no/koronavirus/koronasjekk.
Koronatest-stasjonen:
Giske kommune har no fleire mulegheiter for den som ønskjer å teste seg: Ta kontakt på vakttelefon 482 05 845 kl. 09-14, for å avtale tid og stad. Vakttelefonen er også open laurdag og søndag, kl.13-15.
Du får raskast tilbakemelding om resultatet ved å logge deg inn på www.helsenorge.no.
MERK: Barn under 10 år kan godt se an utviklinga heime eit par dagar først, og barn som berre har rennande nase treng ikkje haldast heime eller testast.
Etter testing:
- Ved positivt resultat skal den testa i isolat heime eller i egna bustad om ein ikkje kan vere heime. Du vert fulgt opp av kommunen.
- Ved negativt resultat skal den testa halde seg heime til ein er utan symptomar.
Koronateststasjon på flyplassen:
Koronateststasjon på Ålesund Lufthamn Vigra vart opna måndag 24. august. Alle passasjerar på fly frå utlandet får no tilbod om å teste seg ved ankomst.
Publisert09.09.2020 12.57