Innfører påbod om munnbind
Giske kommune har bestemt at det vert innført påbod om bruk av munnbind på Ålesund Lufthavn, Vigra frå 8. januar kl. 00.00. Påbodet gjeld i publikumsarealet i terminalbygget på flyplassen.
Påbodet gjeld ikkje for personar under 12 år, eller dei som av medisinske årsaker vil ha problem med å bruke munnbind.
Ålesund lufthavn, Vigra er ein av dei flyplassane i Noreg som tek imot flest passasjerar fra utlandet Den lokale forskrifta er iverksett for å hindre eller begrense spreiing av Covid-19.
Dette vil også gje auka tryggleik for personar som har arbeidsoppgåver ved flyplassen og som føler seg utsett for smitte.
Vedtaket gjeld førebels fram til og med 18. januar.
Publisert07.01.2021 17.11