TISK

Endring frå 15.desember

 

Testing ved symptomer

Alle med nyoppståtte luftveissymptom eller andre symptom på covid-19 bør teste seg. Dette gjeld uavhengig av vaksinasjonsstatus. Positiv sjølvtest eller antigen hurtigtest bør bekreftas med PCR-test. 

Smittekarantene

Alle som har hatt  med ein smitta person skal i smittekarantene i 10 dagar etter siste nærkontakt.

Husstandsmedlem og tilsvarende nære: 

  • skal teste seg med antigen hurtigtest eller PCR-test så snart som mogleg.
  • skal teste seg med PCR-test på døgn 7 etter nærkontakt.
  • kan avslutte karantena ved negativ PCR-test på døgn 7.

Born under 16 år skal ikkje testast dersom det er uforholdsmessig krevjande å teste av bornet. 

Øvrige nærkontakt: 

  • kan avslutte karantena i arbeids- eller skuletida ved negativ PCR-test tatt tidligast 3 døgn etter nærkontakt. Dette innebærer at ein kan gå på skule eller jobb, men må fortsatt være i karantene på fritida.
  • kan avslutte karantena på fritida ved negativ PCR-test på døgn 7 etter nærkontakt. 

Unntak frå smittekarantene

Smittekarantene gjeld ikkje for personar som ved nærkontakt:

  • har gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadane med varighet frå avisolering til 3 månedar etter prøvedato.
  • har fått oppfriskningsdosa for minimum 1 veke sida.
    • Husstandsmedlem og tilsvarande nære til den smitta må i tillegg testast dagleg med antigen hurtigtest eller annakvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakt for at dette unntaket skal gjelde.
  • er under 18 år og ikkje husstandsmedlem eller tilsvarande nær den smitta.  

Unntak frå smittekarantene i arbeidstida for samfunnskritisk personell

Personar som er strengt nødvendige for å opprettholde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar eller ivareta befolkningas grunnleggande behov, slepp smittekarantene i arbeidstida dersom dei testar negativt med antigen hurtigtest samme dag som arbeidet skal gjennomføras. På fritida har ein karanteneplikt. 

For personar som er i same husstand eller tilsvarande nær til ein person i isolasjon, gjeld unntaket kun fullvaksinerte som brukar munnbind i arbeidstida.

Isolasjon 

Det er krav om isolasjon ved påvist smitte.

  • Personar som vert smitta av covid-19 og ikkje har symptom, skal isolere seg i seks døgn beregna frå tidspunktet positiv koronatest vart avlagt.
  • Personar som vert smitta av covid-19 og har symptom, skal isolere seg i minimum seks døgn beregna frå tidspunktet symptoma starta. Ein må ha vore feberfri i minst 24 timar utan å bruke febernedsettande medisin før isolasjon kan opphevast.

Sjå meir informasjon om opphevelse av isolasjon ved covid-19 (fhi.no).