Status og oppfordringar frå kommuneoverlegen

Smitten aukar framleis kraftig i kommunen.

 

Vi går ut frå at mange no blir smitta utan at vi får tal på det. Av dei som har registrert smitte har talet på smitta dobla seg frå veke 6 til veke 7.

Det er kanskje om lag 1000 personar som blir smitta kvar veke i kommunen no.

Barn skal ikkje lenger testast

Barn og elevar i skule til og med vidaregåande skule treng ikkje teste seg lenger.

Barna og ungdommane kan vere på skule og i barnehage så lenge dei føler seg friske nok til det.

Det er ikkje behov for å teste barna sjølv om dei får symptom som kan gje mistanke om covid.

Ein skal ikkje teste seg ut av isolasjon

Viss ein har fått påvist covid er det ikkje tilrådd å ta ny test. Testen kan vere positiv lenge etter at ein har slutta å vere smittsam.

Ein er ikkje lenger pålagd isolasjon ved påvist covid. Barn og ungdommar kan kome tilbake til skule eller barnehage når dei er i form til det og har vore feberfri i minst 24 timar.

Vaksne er tilrådd å halde seg heime til 4 døgn etter positiv test.

Spørsmål om utanlandsreiser og koronasertifikat?

Reglar om smittevern og innreise er ulike for alle land.

Kommunen har ikkje kapasitet til å halde seg oppdatert og svare ut spørsmål frå innbyggarar som skal ut på reise.

Du kan sjølv sjekke koronapasset ditt ved å logge inn på www.helsenorge.no.

Gyldig koronasertifikat i EU vil vere blått, med ein dato for gyldigheit.

Vi tilråder at de lastar ned appen «Reiseklar» frå UD.

Her kan ein velje kva land ein skal reise til og få oppdatert informasjon.

Ein kan også sjekke ut denne nettsida: www.helsenorge.no/koronavirus/reise

Viktige lenker

Ukraina