Smittetala i kommunen er sterkt aukande

Avdeling for smittevern har registrert 311 koronasmitta personar i kommunen i veke 5.

 

Talet på bekrefta covid med PCR har nesten dobla seg frå veke 4 til veke 5. I tillegg er det mange som berre har tatt sjølvtest som positiv test. Ein del vil også vere smitta utan å vere klar over det sjølv.

Det er venta at smitta vil spreie seg raskt også denne veka.

Isolasjonstida er korta ned til 4 døgn frå påvist smitte. Ikkje alle vil vere friske nok til å kome attende til skule eller arbeid sjølv om dei er fritatt frå isolasjon. Ein må vere feberfri dei siste 24 timane før ein kan avslutte isolasjonen. Husstandsmedlemmer til personar som er smitta kan testa seg for å unngå karantene, men bør bruka munnbind innandørs på offentlege stader og unngå store sammenkomster og arrangement i 10 døgn etter nærkontakt. Får nærkontaktar symptomer på covid-19 bør ein halda seg heime og testa seg.

Dei aller fleste får mild sjukdom når dei blir smitta med omikron, men ein ser at dei uvaksinerte har større risiko for alvorleg sjukdom.

Alle over 45 år og alle over 18 år med risikotilstandar er sterkt oppmoda om å la seg vaksinere, det er ikkje for seint og kommunen ønsker velkomen til gratis vaksinering.

Dei fleste må rekne med å bli utsett for koronaviruset i tida framover, det er viktig å vere vaksinert for å beskytte seg mot alvorleg sjukdom.