Analyser av koronaviruset som er påvist hos ein tilsett ved SubSea7 tyder på at det dreier seg om Delta-varianten. Dette er venta sidan personen er smitta i utlandet. Det er ikkje vurdert å vere risiko for vidare smitte til befolkninga.

 

Giske kommune fekk søndag 18.7. melding om at ein tilsett ved SubSea7 har testa positivt for koronavirus.

 

Det er sett totalt 6669 koronavaksinedosar i Giske kommune til no.

 

Neste veke opnar Giske legesenter opp for gruppe 11 (25-39 år), det vil seie at alle som ønsker det, og som er busett i Giske kommune, no kan få vaksine.

 

Teststasjonen har ope frå 10.30 til 12.00 måndag til fredag. Laurdag og søndag stengt.

 

Neste veke opnar Giske legesenter for vaksinering av gruppe 10, alder 18-24 år og 40-44 år.

 

Det er framleis fraråda at nordmenn reiser til utlandet viss dei ikkje må.

 

Om lag halvparten av alle over 18 år som bur i Giske kommune har no fått første vaksinedose.

 

Alle over 45 år kan bestille time for vaksinering på helsenorge.no. Sjå korleis litt lenger ned i artikkelen. 

 

Frå mandag av går skular og barnehagar i Giske kommune over på grønt nivå. Det vart bestemt i beredskapsmøte i Giske kommune i dag, torsdag 3. juni.