Rask og effektiv smittesporing er viktig for å halde kontrollen over korona-viruset. Dette gjer at vi alle kjem til å møte andre rutiner enn dei vi har gjort tidlegare. Dette gjeld mellom anna på kafé.

 

Giske kommune har i haust hatt ein god og oversikteleg korona-situasjon. Testkapasiteten er god, og gode rutiner både hos dei næringsdrivande og reisande har gjort at smittepresset er lavt.

   

Ei korona-smitta kvinne var laurdag innom bakeriet på Roald mellom 14.30 og 15.00. Dette gjer at smittevernoverlegen i Giske, Anne-Line Sommerdalen, no ber alle som var innom bakeriet laurdag ettermiddag vere ekstra aktsomme når det gjeld symptom.

 

Vanlegvis på denne tida bruker førskulegruppene å dra på besøk til den skulen dei skal begynne på. Og i juni brukar det å vere ein førskuledag der dei får kome på skulen saman med foreldra sine.

 

Dagens tema:
Du kan no melde frå om du har mistanke om du er smitta av koronavirus.
Ut på tur - og sosial distansering.

Slik er situasjonen med omsyn til koronasmitte i Giske kommune mandag 16. mars kl. 16.45.

 

Det går for tida føre seg eit utbrot av koronavirus (coronavirus, COVID-19). Symptom på sjukdommen er hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

Giske kommune følgjer situasjonen tett i samråd med nasjonale styresmakter, og har ein omfattande beredskap for at alle som treng det skal få tilgang til informasjon, råd og helsehjelp.

Er du usikker på om du er smitta? Gå til www.helsenorge.no si nettside Koronasjekken!

Om korona-testing i Giske: Sjå meir HER.