59 smitta

59 smitta i veke 48

 

Oppdatering om smittesituasjonen i Giske kommune veke 48

59 personar har påvist koronasmitte med PCR-test i veke 48. Dette er ei auke frå veke 47, då var det 39 bekrefta smitta.

Dei fleste har kjent smitteveg med vidare smitte i kjente smitteutbrot.

Vi ser at smitten spreier seg mest inn i husstanden til personar med påvist smitte.

Det er også noko smitte til øvrige nærkontakter.

 

Meir informasjon om kven som er bekrefta smitta i veke 48

Utbrot Godøy skule

Totalt er det påvist 27 smitta knytt til utbrotet ved Godøy skule i veke 48. Dette er inkludert elevar, lærarar og husstandsmedlemmer.

Det er innført jamnleg testing ved skulen.

Det var tatt PCR-test av alle elevar og lærarar på fredag, i tillegg skal det takast regelmessige hurtigtester.

Smitte Giske ungdomsskule

Sporadisk smitte påvist på 8. trinn. Det er førebels usikkert om det er snakk om eit utbrot.

Testing av aktuelle klassar blir gjennomført og kommunen følger med på utviklinga.

Det er to bekrefta smitta frå 8. trinn ved Giske ungdomsskule frå veke 48, med smitte vidare i husstandane.

Totalt seks smitta knytt til smitte ved ungdomsskulen.

Utbrot Valderøy barneskule

Totalt fem  nye smitta knytt til utbrotet ved Valderøy barneskule, inkludert elevar og husstandsmedlemmer.

Det er utført vidare testing av aktuelle klassar på 6. trinn.

Det ser ut til at dette utbrotet snart vil gå over.

Utbrot ved Vigra skule

Totalt fem nye smitta veke 48, dette er både elevar, lærarar og husstandsmedlemmer.

Det blir utført testing i aktuelle klassar med eksponering for smitte.

Det ser også ut til at utbrotet ved Vigra skule er på veg til å gå over.

Smitte frå utlandet

To bekrefta smitta etter utanlandsopphald.

Ukjent smitteveg

Tre personar med ukjent smitteveg. Nokre av desse har smitta sine nærontakter.

Smittespreiing i familiar

Ni nye tilfeller i eit kjent utbrot i familiar som ikkje er knytt til utbrudda ved skulane. Dette utbrotet ser også ut til å vere på veg til  å gå over.