Ikkje rør rådyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingVi er no inne i ei tid der rådyra har nyfødde kalvar (rådyrkje). Det er viktig at publikum ikkje forstyrrar, tar på eller flyttar kje ein måtte kome over. Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt besteDet er heilt normalt at rådyrmødre legg frå seg kjea sine – dei ligg stille og «trykkjer» for å unngå å bli oppdaga av rovdyr.Rådyrmora er som regel ikkje langt unna. Dersom eit menneske tar på kjeet, kan det sette luktspor som gjer at mora avviser det. Difor er det avgjerande at ein lar kjeet vere i fred.Av og til kan rådyrkje legge seg på farlege stader, som i vegkantar eller nær gangfelt. Om du oppdagar eit kje i ein slik situasjon, bør du varsle politiet på telefon 02800.Hugs også at det er bandtvang frå 1. april til 20. august. Laus hund i denne perioden kan gjere stor skade på rådyrkje – uavhengig av størrelse.Les meir Sist endra 09.07.2025 10.43
Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022. Publisert 01.06.2022 kl. 15.31
Årsmeldinga for 2021 er klar Årsmeldinga for 2021 er no klar. Du kan lese årsmeldinga her: Årsrapport 2021 - Giske Kommune Publisert 01.06.2022 kl. 10.23
Gjøsund nasjonale fiskerihamn og næringsområde Fleire næringsaktørar viser interesse for å etablere seg i Gjøsund næringsområde i samband med etablering av ny nasjonal fiskerihamn. Publisert 01.06.2022 kl. 10.16
Nyskapingsdag for gründerar Ålesund, Sula og Giske kommunar inviterer til Nyskapingsdag for gründerar torsdag 2. juni 2022 kl. 13.00-17.00. Publisert 13.05.2022 kl. 13.39
17.mai-feiring 2022 Endeleg er det klart for felles normal 17. mai -feiring igjen etter to år med pandemi!Her vil vi legge ut programma for dei ulike krinsane i kommunen ... Publisert 09.05.2022 kl. 14.52
Kvikkleirerapport for Giske NVE fekk i 2019 gjennomført ei oversiktskartlegging av område med potensiell fare for områdeskred for kvikkleire i Giske kommune. To potensielt skredf... Publisert 05.05.2022 kl. 14.13
Giske kommune ut av Robek Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder på sine heimesider at Giske kommune er utmeldt av Robek (Register om betinga godkjenning og kontroll). Publisert 29.04.2022 kl. 11.13
Ordføraren fekk sparegris Etter at Giske kommunestyre vedtok årsrekneskap og årsmelding for 2021 på kommunestyret torsdag kveld vil kommunen bli meldt ut av Robek. Det vart fei... Publisert 28.04.2022 kl. 20.35
Framtidas helse og omsorgstenester Strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050 (PDF, 761 kB), vert lagt ut på høyring frå i dag 28. april og fram til 11. mai 2022.Alle som ønsker å spele inn t... Publisert 28.04.2022 kl. 10.40
Møte i Giske kommunestyre kl. 1700 Giske kommunestyre held i dag møte i kommunestyresalen frå kl. 1700. (2022) Publisert 28.04.2022 kl. 08.59