Tilsett som kommunedirektør

Karl André Birkhol vart tilsett som kommunedirektør av Giske kommunestyre mandag 27. mars. 

Oppstartsdato blir avtalt nærmare. Det er rekrutteringsbyrået Headvisor som har hatt ein rådgivande rolle for Forhandlingsutvalet som har leia arbeidet med tilsettinga. Dei som var med i Forhandlingsutvalet er ordførar Harry Valderhaug, varaordførar Kåre Sæter, formannskapsmedlem Louise Kristin Haahjem, Mary Ann Farstad frå Fagforbundet og Elin Sæther Moe frå Utdanningsforbundet. 

Kommunestyremøtet vart lukka etter § 14 då tilsettinga vart vedteken. Ved votering valde Gunnar Morsund (TLG) å stemme blankt. Tilrådinga frå formannskapet vart godkjent med dei resterande 21 røystande. 

Dag Olav Tennfjord sa opp stillinga si som kommunedirektør i november 2022 og hadde sin siste arbeidsdag 28. februar 2023. Kommunalsjef helse og omsorg, Lene Bjørlo Overå, er konstituert som kommunedirektør inntil Birkhol er på plass.