Pedagogisk psykologisk teneste er ei rettleiingsteneste for skular og barnehagar. PPT sine oppgåver er heimla i opplæringslova og i barnehagelova. Kva gjer PP-tenesten?
PPT i Giske kommune er skulen og barnehagen sin næraste samarbeidspart. Vi er ei proaktiv og upartisk teneste. Proaktiv inneber at vi søker å vere i forkant av utfordringar, før dei får vekse seg store. Upartisk inneber at vi ikkje kan la oss påverke av personlege interesser, men at vi i alle saker, enten det er systemsaker eller individsaker, er objektiv i forhold til forsvarlegheit, likeverdigheit og rettferd, slik lovverket seier.
Målgruppa for arbeidet vårt er dei vaksne i systemet rundt barnet. Når skulen eller barnehagen er bekymra for eit barns utvikling, bidreg vi med å opplyse saka og foreslår hensiktsmessige tiltak for barnet/eleven. I saksopplysningsprosessen yter vi råd og rettleiing til dei vaksne som jobbar med barnet.
PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke. Tenesta er gratis.
Vi har fokus på tidleg innsats og Inkluderande praksis.
Sist endra 06.12.2024 15.04