Innstiller Karl Andre Birkhol som kommunedirektør

Karl Andre Birkhol vert innstilt som ny kommunedirektør i Giske kommune. Innstillinga er einstemmig frå forhandlingsvalet si side. Han vert tilbudd toppleiarjobben om formannskap og kommunestyret sluttar seg til saka i neste veke. 

Bilde av Karl Andre Birkhol. - Klikk for stort bilete

Måndag 27. mars skal Giske formannskap og kommunestyret behandle innstillinga. 

- Vi har hatt ein grundig prosess med god bistand frå ekstern rådgjevar. Vi hadde gode kandidatar med i prosessen, og vi er svært nøgde med å foreslå Karl Andre Birkhol som ny kommunedirektør, seier ordførar Harry Valderhaug. Han har leia utvalet. Ordføraren understrekar at det er kommunestyret som formelt tilsett kommunedirektør.

Karl Andre Birkhol, 53, er i dag kommunedirektør i Fjord kommune. Han har brei leiarerfaring frå kommunal sektor. Birkhol er utdanna lærar og har vore tilsett i tidlegare Norddal kommune (no Fjord kommune) sidan 2009. Der har han hatt stilling som rektor/einingsleiar, fagsjef for skule og barnehage, kommunalsjef for oppvekst og kultur, kommunalsjef for helse, pleie og omsorg, og kommunedirektør sidan november 2017. 

- Giske kommune har eit stort potensial for samfunns- og næringsutvikling, og eg ønskjer å vere med på å løyse ut dette potensialet og utvikle framtidsretta tenester for samfunnet med den stolte historia, seiar Karl Andre Birkhol. Han er veldig glad for innstillinga frå utvalet. 

- Eg takkar for tilliten, men ønskjer ikkje å kommentere meir før etter kommunestyret si behandling, seier han. 

Forhandlingsutvalet har bestått av ordførar Harry Valderhaug (KrF), varaordførar Kåre Sæter (AP), Louise Haahjem (H) inkludert hovudtillitsvalde Marry Ann Farstad og Elin Sæter Moe. Headvisor ved Kirsti Kalseth Sjøhaug har vore rådgjevar i prosessen.  

Kontaktperson: 
Ordførar Harry Valderhaug (913 85 761)