Folkehelseinstituttet har sendt ut nye råd om kva du skal gjere om du er forkjøla:

"Dersom du har symptomer på akutt luftveisinfeksjon, skal du holde deg hjemme. Det gjelder også hvis du har lette symptomer som for eksempel forkjølelse eller vondt i halsen. De fleste som har symptomer på akutt luftveisinfeksjon, behøver ikke testes for det nye koronaviruset (covid-19)."

Fylkesmannen sendte i dag 15. mars ut ny forskrift om karantene, isolasjon og forbod mot opphald på fritidseigedomar mv. i høve utbrot av Koronaviruset Covid-19. Forskrifta gjeld frå dags dato

Med auka smittefare har regjeringa beslutta seg å stenge alle skular og barnehagar i Noreg. Alle barnehagar i Giske vert stengt fom. fredag 13. mars. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar.

Stenginga gjeld førebels til over påske.

Det går for tida føre seg eit utbrot av koronavirus (coronavirus, COVID-19). Symptom på sjukdommen er hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

Giske kommune følgjer situasjonen tett i samråd med nasjonale styresmakter, og har ein omfattande beredskap for at alle som treng det skal få tilgang til informasjon, råd og helsehjelp.

Er du usikker på om du er smitta? Gå til www.helsenorge.no si nettside Koronasjekken!

Om korona-testing i Giske: Sjå meir HER.