Ikkje rør rådyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingVi er no inne i ei tid der rådyra har nyfødde kalvar (rådyrkje). Det er viktig at publikum ikkje forstyrrar, tar på eller flyttar kje ein måtte kome over. Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt besteDet er heilt normalt at rådyrmødre legg frå seg kjea sine – dei ligg stille og «trykkjer» for å unngå å bli oppdaga av rovdyr.Rådyrmora er som regel ikkje langt unna. Dersom eit menneske tar på kjeet, kan det sette luktspor som gjer at mora avviser det. Difor er det avgjerande at ein lar kjeet vere i fred.Av og til kan rådyrkje legge seg på farlege stader, som i vegkantar eller nær gangfelt. Om du oppdagar eit kje i ein slik situasjon, bør du varsle politiet på telefon 02800.Hugs også at det er bandtvang frå 1. april til 20. august. Laus hund i denne perioden kan gjere stor skade på rådyrkje – uavhengig av størrelse.Les meir Sist endra 09.07.2025 10.43
Kommunekart - eigedom og planar I den nye kartløysinga finn du gjeldande kommuneplan, reguleringsplanar og planar under arbeid. Du kan også finne informasjon om adresser, gards- og b... Publisert 16.01.2018 kl. 08.59
Alnes og Godøyfjellet - offentlege parkeringsplassar Vi oppmodar alle som skal besøke Alnes og Godøyfjellet til å bruke dei offentlege parkeringsplassane som er tilgjengelege, sjå kart (PDF, 132 kB). Publisert 14.11.2017 kl. 10.23
Vaksine mot sesonginfluensa Vaksina er tilgjengeleg ved Giske legekontor. Publisert 02.11.2017 kl. 16.18