Høyring: Ny lokal forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket

Giske kommune varslar mogleg ny lokal forskrift: «Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket, Giske kommune, Møre og Romsdal», og ber om innspel frå aktuelle partar.

Administrasjonen i Giske kommune vis til forureiningsforskrifta § 11-4, og informerer om at det er utarbeida forslag til lokal forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn.

 

Forskrifta omfattar gebyr for saksbehandling og kontroll/tilsyn med

1.        opprydding i forureina grunn ved bygge- og gravearbeid

2.        utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande

3.        utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettgrender.

4.        utslepp/påslepp av oljehaldig vatn

5.        påslepp av feitthaldig vann

6.        fjerning av nedgravne oljetankar

 

Hensikta med forskrifta er å meir rettferdig fordele gebyra for avløp i kommunen. I dag tar ikkje kommunen gebyr for å sakshandsame utsleppssøknadar og å føre tilsyn for mindre avløpsanlegg, som gjer at dei eksisterande gebyra for vatn og avløp i praksis betalar for dette. Med den nye forskrifta blir då desse kostnadane direkte belasta dei som har/nyttar og skal installere slike anlegg.

 

Førebels kalkyle vis at størrelsen på sakshandsamingsgebyr blir mellom 400 kr og 27 000 kr, og dei årlege gebyra blir mellom 400 kr og 1400 kr. Størrelsen er avhengig av type og størrelse på anlegget. Merk at disse summane kjem til å bli endra årleg saman med dei andre kommunale gebyra på sjølvkostområdet, og kan bli endra før innføringa av forskrifta.

 

Innspel til forslaget kan sendast skriftleg til post@giske.kommune.no eller Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.

 

Tittelen bør vere "Innspel til høyring om ny lokal forskrift - Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket" for ryddig arkivering.

 

Frist for innspel er fredag 25. oktober kl. 12.00. 

 

Ein tek sikte på at alle innspel er vurderte til ny politisk sak 7. november.

Sjå vedlegg:

Forslag til forskrift om gebyrer for saksbehandling etter forureiningsregelverket - Giske kommune (PDF, 193 kB)