Ordførar Harry Valderhaug signerte for kommunen og direktør Einar Vik Arset for Kystverket. Signeringa vart gjort i påsyn av ei rekkje næringsdrivande samt representantar frå Gjøsund Utvikling AS. Desse var svært positive til at avtalen endeleg er i hamn og at ein kan starte arbeidet med ei hamneutbygging som vil gje ei rekkje nye mulegheiter både for land- og sjøbedrifter, etter at hamna vart prioritert i Nasjonal Transportplan på rekordtid.
Mudringsarbeidet er tenkt starta opp i 2021 og vil ta knapt to år. Omlag 250.000 m3 masse skal gravast ut frå hamnebotnen ned til 8 meter djupne, og nyttast til ny landmasse bl.a. ved Gjøsundneset.
Hamnedirektør i Ålesundsregionen, Ole Christian Fiskå, fortalte at hamnevesenet planlegger å bygge ei 200 m kai med 50 m tungløftkapasitet for å ta i land store modular, plass-sjef ved Subsea 7, Tor-Ola Olsen, seier at tungløftkaia vil gjere det mogleg for S7-anlegget å bygge nye produkt og tenester. Lufthamnsjef Tor Hånde viser til at med tilgjengeleg masse kan ei forlenge landingsområdet og gjere det mogleg å handtere større flytyper, og fiskeribedriftene ved hamna kan få fisketransporten over frå veg til sjø, noko som både sparer miljø og fraktkostnader.
Dagleg leiar i Gjøsund Utvikling AS, Louis Nordstrand, peikar på mulegheitene som nyvunne landareal kan skape ved etablering av nye verksemder og bedrifter, og takkar samstundes for samarbeidet mellom kommune, bedrifter og staten - eit samarbeid som både ordførar og Kystverket også berømma.