Avløp

 Spillvatn og overvatn:

Kommunen har ansvar for å frakte bort og behandle spillvatnet og overvatn på ein forsvarlig måte jamfør forureiningslova sine bestemmelser. Kommune bygger kontinuerlig ut leidningsnettet sitt for og gje alle bebuarane i kommune eit best mogleg tilbod.

Når det gjeld dette området er krava til leidningsnettet og behandling av spillvatn, overvatn og slam blitt kraftig innstramma i løpet av dei siste 10 åra. Som ein følgje av denne innstramminga og ein stor befolkningsvekst, må kommunen derfor stadig oppgradere leidningsnett og tidligare godkjente løysingar for utslepp osv. slik at dei held dagens standard.

Dersom du har behov for å utføre arbeid på vatn- og avløpsnettet i Giske kommune vil du finne nødvendig informasjon om slike arbeider i lenka over.

 

 Overgang til digital sanitærsøknad frå 01.01.2020

Giske kommune har gått over til digitale behandling av sanitærsøknadar og arbeid på avløpsnettet.

Frå 01.01.2020 har Giske kommune gått bort frå papirsøknadar når det gjeld sanitærløyve og arbeid på vass- og avløpsnettet i kommuna. Det nye systemet er heildigitalt, og er levert av Volue/ Powel. Måten det nye systemet funkar på, er at entreprenørar har tilgang til å levere søknadar med direkte skissering inn på leidningsnettet, enklare utfylling av utstyrsliste med meir. Dette skal føre til meir komplette søknadar og enklare moglegheiter for søkjaren å finne ut kva som er mogleg. Dette frigjer også ressursar i kommunen, og forenklar sakshandsaminga. Resultatet av dette skal vere mindre tid til spørsmål og korrigeringar, og raskare svar på søknadar.

For å søkje om løyve og eller arbeid på vass- og avløpsanlegg, må ein no ta kontakt med entreprenør som har blitt godkjent i systemet. Dei entreprenørar som ikkje er godkjende finn informasjon om korleis ein søker på Entreprenørportalen - for rørleggarar og entreprenørar i Giske kommune.
Ein entreprenør må berre bli godkjent ein gong, og har då tilgang til å søkje å både Ålesund, Sula og Giske kommune med fleire.

Vakttelefon for teknisk eining ved akutte hendingar:

900 18 425

Hendingar som vassledningsbrudd, tap av vatn, tilbakeslag av kloakk, overfløyming grunna tette avløp osv. reknast som akutte hendingar.

 

 

Skjema og vedlegg:

Overvassnorm for kommunar på Sunnmøre

Krav til innmåling, Slutt kontroll og dokumentasjon VA-anlegg

VA-norm Sunnmøre (Giske kommune)

Opningstider

Måndag:         12.00 – 15.00
Tysdag:           09.00 – 15.00
Onsdag:         Stengt
Torsdag:         09.00 – 12.00
Fredag:           09.00 – 12.00

 

Servicetorget har ope alle dagar
09.00 - 15.00.

Der får du hjelp med dei fleste sakene. Om du treng å ha kontakt med ein sakshandsamar får du best service om du avtalar tid i førehand.