Entreprenørportalen - for rørleggarar og entreprenørar

Entreprenørportalen

Rørleggar og entreprenør skal melde frå om alt arbeidet som vert utført og Giske kommune krev at dette vert gjort digitalt via entreprenørportalen.

Som rørleggar eller entreprenør har du ansvar for å melde frå om arbeid på vass- og avløpsnettet. Det gjer du til Giske kommune og til dei fleste andre kommunane på sunnmøre via Gemini Entreprenørportalen.

I portalen finn du bla. digitale skjema og søknadar for:

  • Ny tilkopling til offentleg vass- og avløpsanlegg ( Sanitærsøknadar )
  • Søknad om industripåslepp.
  • Søknad om utslepps løyve.
  • Melding om sikring mot tilbakeslags sikring.
  • Midlertidig tilkopling til offentleg vass- og avløpsanlegg
  • Avslutte/ plugge tilkopling til offentleg vass- og avløpsanlegg 
  • Reparasjon/ endring/ supplerande tiltak på eksisterande sanitæranlegg
  • Melding om utført arbeid etter pålegg
  • Ferdigmelding - melding om utført vass- og avløpsarbeid
  • Installering av vassmålar
  • Grave meldingar og løyver

 

Det er  kun godkjende føretak som er registrert i entreprenørportalen som kan søke på vegner av tiltakshaver.

Tilgang til entreprenørportalen

Alt veg, vatn- og avløps arbeid i Giske kommune skal utførast av godkjent føretak, som må søkje/melde inn arbeidet for å få dei godkjent av Giske kommune. Søknadane skal ikkje lengre leverast på papir til Giske kommune, men skal sendast Giske kommunes digitalt via Powel/ Volue Entreprenørportal.

Ein del autoriserte røyrleggarar og entreprenørar har allereie tilgang gjennom eiga tilsendt direktelenke. Nye brukarar kan søke om tilgang til vår portalløysing via lenka under:

https://tenantmanager.onpowel.com/registration

 

Tilgang for bedrifter som allereie har tilgang i andre kommuner

For dei som allereie har ein brukar i Powel sitt system, så må dei logge på ein admin brukar og legge til Giske kommune i deira tilgangsadministrasjon. Når de har gjort dette, så får vi opp ein søknad om tilgang som vi godtar/avslår.

Først når vi har behandla denne søknaden og den er kontrollert av Powel i Trondheim, så kan de starte nye søknader.

Pålogging til Portalen varierer frå bedrift til bedrift avhengig av registrert «Tenantnavn».

For vår egen testbruker som har tenantnavn «kunde» blir den fulle lenkja:

https://mytasks.onpowel.com/kunde/ , der dere må bytte ut «kunde» til deres bedriftsnavn.

Inne i Entreprenørportalen må du gå til Tilgangsadministrasjon, og legge til kommune. Sjå bilde under. 

For å få tilgang til portalen må føretaket opprette og registrere brukar på entreprenørportalen. Det gjer du ved å vende deg til teknisk eining vatn og avløp.  Systemansvarlig for entreprenørportalen er:

Rolf Martinsen

Tlf 92898858

E-post : Rolf.Martinsen@giske.kommune.no

 

Giske kommune krev at føretaket legg fram dokumentasjon på at den som skal utføre vass- og avløpsarbeid har gyldig ADK-1-sertifisering som ikkje er eldre en 6 år.  Rørleggarar som skal anbore på kommunen sitt vassleidningsnett, skal i tillegg til svennebrev ha gyldig ADK-1-sertifikat som ikkje er eldre en 6 år.

Har du brukt entreprenørportalen til å sende inn søknader til andre kommunar, bruker du same innlogging og ber deretter om tilgang hos Giske kommune inne i portalen. Krava for å få tilgang er som for førstegongsregistrerande.

I portalen får du tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker. Søknader skal vere godkjent av oss før arbeidet settast i gang. Du kan enkelt følge med på korleis det går med saka og sende ferdigmeldingar når arbeidet er ferdig.

 

Andre skjema

Samla oversikt over andre skjema for vatn og avløp finn du hos søknadssenteret for Giske kommune.