Den gamle forskrifta var basert på ein større del av gebyret til vatn og avløp som kom gjennom nye etableringar og ein mindre del gjennom forbruk.
Hovudtanken i den nye forskrifta er at du skal betale for dei kommunale VA-anlegga og det vatnet du brukar. Ein vassmålar vil hjelpe deg å kontrollere forbruk og spare vatn, dermed betale mindre.
Inntektene kjem frå dei som brukar vass- og avløpstenester og skal gå til etablering, drift og vedlikehald av VA-anlegg i Giske kommune, basert på sjølvkostprinsippet (inntekter = utgifter).
Den samla gebyrauka for vatn og avløp skal sikre at Giske kommune klarer å imøtekomme krav frå myndigheiter, nå mål i Hovudplan VA og halde fram med å levere gode VA-tenester til innbyggjarane i Giske kommune.
Forskrift for vatn- og avløpsgebyr vedteken 28. sept 2023 er delt inn i:
· Tilknytningsgebyr er endra frå:
o Normalsats kr 25.728 eks mva til kr 10.000 for vatn
o Normalsats kr 59.699 eks mva til kr 10.000 for avløp
· Årleg abonnementsgebyr for bustad og fritidseigedomar er endra frå:
o Kr 666 eks mva til kr 2.453 eks mva for vatn
o Kr 809 eks mva til kr 2.365 eks mva for avløp
· Årleg forbruksgebyr pr. m³ (målt eller stipulert) er endra frå:
o Kr 18,61 eks mva til kr 12,30 eks mva for vatn
o Kr 19,10 eks mva til kr 12,66 eks mva for avløp
· For industri og kombinasjonseigedomar (landbruk) viser vi til Gebyr og betalingssatsar for Giske kommune.
Meir informasjon om gebyrendringa finn du her:
Ny Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Giske kommune ( 2024) :
https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2023-09-28-2456
Nye Gebyr og betalingssatsar, Vedtak i Giske kommunestyre 07.12.2023:
https://www.giske.kommune.no/_f/p1/i49adcee7-8229-43fa-b271-c06b9e8114fa/gebyr-og-betalingssatsar-for-giske-kommune-2024-giske-kommunestyre-07122023.pdf
Oppheva Forskrift om vass- og avløpsgebyr (2008):
https://lovdata.no/dokument/LFO/forskrift/2008-10-30-1244
Tidlegare gebyrregulativ 2023:
https://www.giske.kommune.no/_f/p1/ie7c539bd-8283-42d9-bf2c-8086c5eff833/gebyr-og-betalingssatsar-for-giske-kommune-2023-vedtatt-i-kommunestyret-08122022.pdf