Skal du arbeide på vass- og avløpsnettet ?

Rørleggar og entreprenør skal melde frå om alt arbeidet som vert utført på kommunale veg, vass- og avløpsanlegg og Giske kommune krev at alt slikt arbeid vert registrert digitalt via entreprenørportalen.

Som rørleggar eller entreprenør har du ansvar for å melde frå om alt arbeid på vass- og avløpsnettet i kommuna. 

Det gjer du til Giske kommune og til dei fleste andre kommunane på sunnmøre via Gemini Entreprenørportalen.