Mindre reguleringsendring av ein plan på Ytterland (PlanID: 1994001)

Det er igang ei mindre endring av ein reguleringsplan på Ytterland. 
Frist for innspel er 1. februar.

Teknisk utval vedtok den 14.12.2023 avgrensa offentleg ettersyn av mindre reguleringsendring av reguleringsplan “Endring av plan for Skjong Ytterland del II og III” med PlanID: 1994001. Giske kommune varslar derfor no om endring, jf. plan- og bygningsloven § 12-14. Plandokumenta vert sendt ut til råka partar og lagt ut på kommunen si heimeside.

Saka gjeld i hovudsak formålsendring frå offentleg/almennyttig formål til bustadar, leikeplass, tilkomstveg og turveg. Sjå saksframlegg og plandokument lenger ned i saka.

Dersom du har innspel eller synspunkt om endringa, ber vi deg om snarleg tilbakemelding og seinast innan 1. februar 2024. Innspel og synspunkt skal sendast til:

Giske kommune
Teknisk eining
Valderhaug 4
6050 Valderøya

Eller til post@giske.kommune.no

Ber om at innspel merkast med saksnummer: 23/7681

 

Dokumenter:

Mindre reguleringsendring av ein plan på Ytterland (PlanID_ 1994001) (PDF, 93 kB)

.A-RP Reguleringsplan (PDF, 132 kB)

.GK_1994001_NYE SAMORDNA REGULERINGSFØRESGNER FOR SKJONG - YTTERLAND DEL I II og III (PDF, 162 kB)

.PLANOMTALE_reguleringsendring for bustadutvkling på g_bnr 188_1 (PDF, 4 MB)

.ILLUSTRASJONSPLAN_reguleringsendring for bustadutvikling på g_bnr. 188_1 (PDF, 556 kB)