Innhald:
NVE si kvikkleirekartlegging i 2019
Krav til dokumentasjon i byggesak
Innhenting av skredfarevurdering
NVE gjennomførte, i 2019, ei regional kvikkleirekartlegging i kommunane Ålesund, Sykkylven, Sula og Giske. I samband med kvikkleirekartlegginga blei det gjennomført synfaringar innanfor kartleggingsområda, og det blei valt ut 12 interesseområder i Giske kommune. I to av desse interesseområda er det treft på antatt kvikkleire/sprøbruddsmateriale. Det eine området er på Godøylandet og det andre er i Geilevika. I tillegg til kvikkleirekartlegginga blei det utarbeidd aktsemdskart for områdeskred og aktsemdskart for marin leire innanfor kartleggingsområda.
NVE: Utgreiing av skredfare i Giske kommune
Klikk her for å sjå kart over aktsemdsområdene
Kvikkleiresonene:
Beskriving av sonene på Godøya står på side 30 – 37 i rapporten til NVE, og informasjon i vedlegg B, D og E. Begge desse sonene er klassifisert med faregrad «middels», skadekonsekvens «alvorlig» og risikoklasse 3. Det er ikkje observert aktiv erosjon i nokon av sonene. Det er først når eit område har risikoklasse 4 eller 5, eller har faregrad «høg» og det er aktiv erosjon, som vil ha betyding for kvikkleireskred i sonene, at det er behov for førebyggande tiltak. Det er ikkje vurdert behov for tiltak for eksisterande situasjon innanfor desse sonene. Det betyr at det blir vurdert som trygt å bu innanfor sonene, så lenge det ikkje blir utført større tiltak som kan påverke stabiliteten. For ny tiltak må det vurderast om det er reell fare for områdeskred og om det evt. er behov for sikringstiltak for å oppfylle gjeldende sikkerhetskrav, ref. NVE sin rettleiiar 1/2019. Slike vurderinger må utførast av fagkunnige i samband med reguleringsplan, detaljregulering eller seinest i byggesak om det ikkje er gjort på tidlegare plannivå. i samsvar med pbl § 28-1 og byggteknisk forskrift (TEK17).
Aktsemdsområde områdeskred
Aktsemdsområde for områdeskred omfattar områder innanfor aktsemdsområde marin leire der helling er > 1:20 og høgdeforskjellen er > 5 meter. Dette er i samsvar med terrengkriterier for aktsemdsområder i NVE veileder nr. 7/2014. Aktsemdskart-områdeskred er avgrensa gjennom vurderingar av feltobservasjonar og utførte grunnundersøkelsar. Aktsemdsområdet ligg generelt ikkje høgare i terrenget enn observert berg i dagen. Det ligg ikkje høgare i terrenget enn tidlegare og nye sonderingar som ikkje har indikasjonar på sprøbruddmateriale. Områder med hyppige berg i dagen med djupn til berg < 5 m, som ikkje har indikasjonar på sprøbruddmateriale, er ikkje tatt med i aktsemdsområdet. Områder der terreng formasjon tyder på tilsvarande avsetning og sondering i topp og botn av skråningar er heller ikkje tatt med i aktsemdsområdet.
Aktsemdsområde marin leire
Aktsemdsområde for marin leire er område som ligg under marin grense og område som kan ha marine avsetningar under topplaget angitt av NGUs lausmassekart.
For at du skal kunne bygge på eiendommen din, må byggegrunnen være tilstrekkelig sikker mot naturfare. Dette følgjer av plan- og bygningslova § 28-1 og Teknisk forskrift (TEK17) § 7-3. Dersom eigedommen ligg i eit område med naturfare må du dokumentere tilstrekkeleg sikkerheit mot fare før du sender inn søknaden. Kommunen kan ikkje gi løyve til tiltak før tilstrekkeleg sikkerheit mot fare er dokumentert. Dokumentasjonen må utarbeidast av nokon som har fagkompetanse på området.
Merk at krav til sikker byggegrunn gjeld for alle tiltak, også for tiltak som normalt er unntatt frå søknadsbehandling. For mindre tiltak gjeld det likevel nokre unntak frå dokumentasjonsplikta.
Slik gjer du:
Sjekk arealplanar (www.kommunkart.com) og Kvikkleiresoner (nve.no) for å undersøke om tiltaket ligg i aktsemdsområde for naturfare.
Dersom eigedommen ligg i eit område med naturfare må du dokumentere tilstrekkeleg sikkerheit mot fare før du sender inn søknaden. Slik dokumentasjon må utarbeidast av noko som har fagkompetanse på området.
Tiltak i aktsemdsområde for områdeskred:
For tiltak i aktsemdsområde for områdeskred må det vurderast om det er reell fare for områdeskred, og om det evt. er behov for sikringstiltak. Slike vurderinger må bli utført av fagkyndige. Vurderingane skal bli gjort i samband med reguleringsplan, detaljregulering eller seinast i byggesak. Dokumentasjon må ligge føre før kommunen kan behandle søknad om løyve til tiltak. Kommunen kan altså ikkje godkjenne ein søknad på vilkår om at dokumentasjon blir ettersendt. Kommunen kan heller kkje gi rammeløyve utan at dokumentasjon er lagt fram.
Dersom tiltaket ditt er avhengig av dispensasjon frå andre forhold kan du likevel søke om dispensasjon for dette, og få søknad om dispensasjon behandla før du undersøker sikkerheiten til tiltaket.
Krav om tilstrekkeleg sikkerheit gjeld alle tiltak:
Krav til sikkerheit TEK17 gjeld for alle bygg, konstruksjonar og anleggg uavhengig av søknadsplikt. Kravet om å dokumentere tilstrekkeleg sikkerheit gjeld alle tiltak, også mindre tiltak som du kan utføre sjølv utan ansvarlege foretak, og tiltak som normalt er unntatt søknadsplikt. For nokre tiltak er det likevel ikkje krav om geotekniske undersøkingar før bygging. Krav om tilstrekkeleg sikkerheit vil vere oppfylt dersom preaksepterte ytingar er oppfylt. Dette gjeld mindre tiltak som blir kategorisert som K0 og K1 tiltak etter rettleiaren til Teknisk forskrift § 7-3.
Sikkerhetskrav for tiltakskategori K0 og K1-tiltak:
For nokre mindre tiltak er det gjort unntak frå dokumentasjonskravet.
Dette gjeld tiltak som fell inn under tiltakskategori K0 og K1. Tiltakskategori blir fastsett ut frå konsekvens for tiltaket og i samsvar med tabell gitt i rettleiiar til TEK17, sjå § 7-3. Sikkerhet mot skred - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no).
Fastsetting av tiltakskategori skal alltid grunngjevast.
For tiltak som fell inn under tiltakskategori K0 og K1 vil kravet om tilstrekkeleg sikkerheit vere oppfylt der det kan dokumenterast at tiltaket ikkje forverrar stabiliteten. Dette kan ein oppnå ved å følge tilrådingar NVE Veileder 1/2019, vedlegg 2.
Slik gjer du:
Dersom du meiner at tiltaket du skal utføre ligg i tiltakskategori K0 eller K1 legg du ved grunngjeving for dette til søknaden, samt opplysingar/dokumentasjon som viser at tiltaket vil bli utført i samsvar med tilrådingar i vedlegg 2 til NVE Veileder 1/2019.
Ved usikkerhet om tiltaket kan gjennomførast i samsvar med rettleiaren, og/eller om tiltaket forverrer stabiliteten, skal vurderinger og utarbeiding av dokumentasjon gjennomførast av geotekniker. Sjølv små inngrep vil kunne resultere i store skred.
Tiltak i aktsemdsområde-marin leire:
For areala i aktsemdskart marin leire som ligg utanfor aktsemdsområde for områdeskred, er det vurdert at fare for områdeskred ikkje er reell. Det kan imidlertid vere utfordringar med marin leire i byggegrunnen, som ein må ta særskilt omsyn til ved prosjektering og utføring av tiltak. I samband med byggesak for tiltak med krav om ansvarleg foretak stiller vi krav om at det går klart fram av byggesaka kva foretak som har ansvar for byggegrunnen/geoteknikk.
For tiltak der det ikkje er krav om ansvarleg foretak er tiltakshavar sjølv ansvarleg for prosjektering og utføring av tiltaket. Dersom tiltakshavar er usikker på om byggegrunnen er god nok eller prosjektering av tiltaket, bør tiltakshavar kontakte fagkunnig for rådgjeving.
Arkeologi
Vi minner om at kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune skal kontaktast før prøvegravingar, for kontroll mot arkeologi.
Dersom eigedommen din ligg innanfor aktsemdsområde for områdeskred må du dokumentere tilstrekkeleg sikkerheit før du kan bygge. Der det er behov for skredfareutredning skal dette bli gjort av foretak med nødvendig kompetanse.
NVE har utarbeidd ein digital rettleiar for bestilling av og utredning av sikkerheit mot skred. Her finn du også Bestillingsskjema som kan brukast ved innhenting av tilbud for skredfareutredning, samt Egenerklæringsskjema der foretaka stadfestar at dei har nødvendig kompetanse.
Dersom du er usikker på om det er gjort undersøkingar av skredfare allereie kan du kontakte kommunen for avklaring.
NVE sin rettleiar Nr.1/2019 Sikkerhet mot kvikkleireskred
Kart over aksemdsområde for områdeskred og marin leire
Direktoratet for Byggkvalitet si temarettleiing for utbygging i fareområder