Detaljreguleringsplan for gnr 188 bnr 9 m/fl. Ytterland-Skjong - kunngjering av eigengodkjent plan etter klagebehandling

Giske kommunestyre vedtok i møte den 17.02.2022, k-sak 008/22, i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12, å eigengodkjenne framlegg til detaljreguleringsplan for gnr 188 bnr 9m/fl. Ytterland - Skjong. Kommunestyret har i møte den 16.06.2022, k-sak 041/22, behandla ei klage på vedtak i k-sak 008/22. 

Plandokumenta er og lagt ut i resepsjonen på Giske rådhus. Varsel om eigengodkjent plan er sendt offentleg mynde, rettshavarar, grunneigarar og naboar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans, jf pbl §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova (fvl) kap. VI. Eventuell klage på k-sak 041/22 skal vere grunngjeven og sendast til post@giske.kommune.no eller til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Frist for å klage er 3 veker frå det tidspunkt underretninga om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jamfør fvl §§ 29-31.

 

Dokumenter:

Reguleringsplan Ytterland-Skjong rev_F (PDF, 565 kB)

Detaljreguleringsplan for gnr 188 bnr 9 mfl. Ytterland-Skjong - kunngjering av eigengodkjen (PDF, 250 kB)

Klage på kommunestyrevedtak om detaljregulering (PDF, 215 kB)

Detaljreguleringsplan for gnr 188 bnr 9 m.fl. - klage på eigengodkjent plan, K-sak 00822 (PDF, 271 kB)

16150 - Føresegner - Ytterland - Skjong 12_01_22 MGA (915772) (PDF, 288 kB)

illustrasjonsplan til regulering - rev A - 21_04_22 (PDF, 2 MB)

 

Sjå meir om planen i kommunen sitt planregister: arealplaner.no | 2017004 > Plandokumenter