SFO er open frå klokka 07.15 til 16.45 (16.30 på Alnes og Giske).
Du søkjer om plass i SFO via Oppvekstportalen. Du treng ikkje logge på for å søkje plass, men du må logge på for å bekrefte at du tek mot plassen. Du må også logge på for å endre opphaldstid og timeplan eller seie opp plassen. Pålogging skjer via ID-porten (MinID, BankID, Commfides eller Buypass).
Hugs at du må søkje SFO på nytt for kvart år. Søknadsfristen er 1. mars.
For at skulen skal kunne tilpasse bemanninga, må du melde frå i god tid om du ønskjer å bruke SFO på dagar med skulefri.
Opphaldstider og prisar for SFO
Satsar for plass i SFO gjeldande frå 1. januar 2019.
Opphaldstid |
Pris |
Pris med
søskenmoderasjon |
5 dagar heil plass |
3.195
|
2.396
|
4 dagar heil plass
|
2.735
|
2.051
|
3 dagar heil plass
|
2.050
|
1.538
|
Berre ettermiddag (5 dagar)
|
2.435
|
1.826
|
Berre morgon (5 dagar)
|
835
|
626
|
Kjøp av dagar
|
285
|
214
|
Kjøp av feriedag
|
525
|
394
|
Kjøp av timar
|
70
|
53
|
Prisane gjeld frå 1. januar 2019. Betaling for 11. månader per skuleår. Søskenmoderasjon er på 25 % for barn nummer to eller fleire.
SFO direkte
Giske kommune brukar IST SFO direkte til kommunikasjon mellom foreldre og SFO. Når du har fått brukarnamn og passord frå SFO, kan du logge inn direkte www.direktesfo.no. Desse sidene tilpassar seg PC, nettbrett og telefon. Legg sida inn som bokmerke.
|