SFO 2020-21 Litt om oss/Kontakt oss

SFO-søknad, prisar 2019, oppseiing og endringar av SFO plass.  

 Planar og vedtekter

Velkommen til SFO august 2020

Vi gleder oss masse til ditt barn skal begynne på SFO saman med oss.

Når skulen startar måndag 17. august vil det vere mange som har sin første dag, men SFO vil starte allereie 3. august for dei som har behov for det. Det er då viktig at de meldar ditt barn på i skjemaet – sjå vedlegg.

Alle som går på SFO får automatisk namnet sitt (01.08.20) på https://www.direktesfo.no 

Alle føresette skal få tilgang med eige bruker namn og passord den dagen de byrjar på SFO (i papriform)(alle har fast plass i SFO frå 01.08.2020-30.06.2021)

Sjå vedtekter for SFO for meir info;

https://www.giske.kommune.no/tenester/skule-og-barnehage/sfo/vedtekter-for-sfo/

Ferie SFO;

  • I ferievekene må ein ta med matpakke til to måltid kl. 11 og 14 (+ eventuelt til frukost).
  • Vi registrerar barna inne på SFO (rosa vest- utetid garderobe B) der barnet seier namnet og kva klasse ein går i. Føresette må gjerne vere med inn på SFO den første tida for å registrere barnet og for å komme inn i rutinane (dette for vi skal ha kontroll på kven som har kome og ikkje).
  • Det same gjeld ved henting. (Rosa vest – og seie namn og klasse)
  • Kjernetid; 10.00-14.00. Kan vere greitt at elevane kjem innan den tida skal vi kunne gjere aktivitetar/turar m.m. Kjem barnet ditt etter kl. 10.00 kan vi vere på tur/utflukter. Vi lagar plan for vekene i SFO feriane som vil ligge på direktesfo.no
  • Vi er då samla på SFO fyrste del av dagen til ca. kl. 09.00-10.00. Om veret er godt går vi ein tur ut før måltid kl. 11.00.
  • Vi deler så inn gruppa etter tal på elevar/ trinn og har måltid kl. 11.
  • Vi kan dra på tur tidleg eller seint, men held oss som regel innanfor kjernetida. Dette vil kome fram på ein vekeplan som ligg på direktesfo.no.
  • Kl. 14. samlast vi for måltid igjen.
  • Korona situasjonen; Om vi framleis har kovid-19 situasjon kan føresette ikkje vere med inn i garderoben/SFO, men leverer barnet ved A garderoben. Og vi blir inndelt i mindre grupper klassevis. Opningstida kan vere redusert til 08.00-16.00 og dei med samfunnskritisk arbeid må søke utvida tid gjennom rektor. Med for behald om endringar

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

  • Alle barna bør ha to skift i hyllene sine, og alle kle og fottøy skal vere merka. Barna skal ha innesko. Støvlar, dress og regntøy bør hengje på garderobeplassen.
  • Alle skal oppføre seg slik at ingen er redd for å komme på SFO/skulen.
  • Mobiltelefonar skal ikkje brukast på SFO/skuletid.
  • Ta gjerne kontakt med dagleg leiar/nestleiar ved SFO om du/de har spørsmål.
  • Vi stengjer 16.45. (dørene stenger automatisk)

Dagen på SFO når det er skule:

Det er viktig for oss at akkurat ditt barn føler seg trygg når ein skal starte på ein ny plass J Vi har difor akkurat same klasserom, plassen i klasserommet og garderobe og same toalett som dei har i skuletida. Den assistenten som føljer klassa skal også følgje i SFO tida (så langt det lar seg gjere). 

  1. 07.15- SFO opnar (dørene opnar automatisk)
    • Frukost (ta med matboks) for den som treng det før kl. 08.00
  2. 08.00 –Vi ryddar og går ut. Alle er ute til skulen byrjar kl. 08.30 (vakt ute)
  3. 08.30 – Skule
  4. 12.00 – Leiar/ nestleiar går rundt i klassene og tek opprop kven som skal vere på SFO. Alle beskjedar må ha kome inn på; https://www.direktesfo.no før 12.00 Under Avtale. Du kan lage ein avtale om barnet blir henta av nokon andre, om barnet skal vere med nokon andre heim eller lage lekeavtale. Om barnet ikkje skal vere på SFO den dagen = Fri
  5. 12.55 – Alle som skal vere på SFO blir sittande på klasserommet for oppteljing og beskjedar.
  6. 13.10 Alle ut. - Frå september vil ein del aktivitetar starte denne tida.
  7. Vi sender ikkje ifrå oss barna utan at vi har fått beskjed. Det er heller ikkje nok at barnet seier ifrå. Beskjedane skal kvalitetssikrast frå ein føresett. Sjuk/fri: Det er viktig å gi beskjed om barnet ditt er sjuk eller skal ha fri og ikkje kjem på SFO, det gjer ein også på direktesfo.no
  8. Henting: Det er viktig at det blir gitt beskjed til ein vaksen når barnet ditt blir henta slik at vi får kryssa ut barna. Om du ikkje har gitt beskjed til den som følgjer klassa, så gir du beskjed i B garderoben der Journalen held til (den i rosa vest). Under måltidet mellom 14.00-14.30 er vi alle på klasseromma og de hentar barnet og seier frå til den vaksne der.
  9. 14.00- Matboks måltid (kan vere lurt å ha to matboks eller eit skilje i byrjinga, slik barnet ikkje et opp alt ved første måltid på skulen). Alle samlast på sitt klasserom.
    • Elevane får vatn på SFO (har kopp/flaske ståande på klasserommet), og kan bestille mjølk, yoghurt og liknande på www.skolelyst.no 
  10. 14.30- ut /aktivitetar / inne/ute /gymsal og liknande.
  11. --Tid-- Vi ryddar saman og går inn – Vi held oss på SFO rommet eller på ulike klasserom. Sjå meir info i B garderoben der Journalen held til (den i rosa vest).
  12. 16.45 – SFO stenger- (dørene stenger automatisk)

Kontakt

Ingrid Eltvik
E-post