SFO - Vigra skule

Formålet med SFO er regulert ut frå opplæringslova. Vigra SFO brukar ei eiga nettside, www.direktesfo.no, som plattform for kommunikasjon mellom heimen og SFO.

Formålet for SFO går fram av § 13-7 i opplæringslova:

«Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- fritidsaktiviteter med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.»

Det går mellom 60 og 70 born på SFO.

Opningstider: 07.15 – 16.45  (før og etter skuletid)

Vi har som mål å skape ein samanheng i borna sin kvardag. Der dei kan oppleve å vere ein del av eit sosialt fellesskap, lære å respektere seg sjølv og andre. Ein stad med vennskap og læring. Sfo arbeider for  å legge til rette for at borna skal få bruke varierte og ulike sider av seg sjølv. Vi skal hjelpe barna til verte meir sjølvstendige og ta stadig større ansvar for eigne haldningar og veremåte.

At det skal vere rom for både organiserte aktiviteter og fri/spontan leik. Vi ønsker at barna skal trivast, verte sett, høyrt og føle seg trygge.  Stimulere til sosiale aktiviteter som utviklar sosial kompetanse.

Vi har eit stort og godt uteområde som borna kan utfolde seg på. Fysisk aktivitet er viktig og vi er på tur, lærer å bruke øks, kniv og lage bål. Lage hytte , bygge i sandkassa og klatre i tre.

Vi har høve til å bruke skulekjøkken, gymsal, hallen, bibliotek, snekkerbua osv.

Vi legg til rette for ulike aktivitetar, som borna kan velje i, og aktivisere seg sjølve.

 

Innhaldet i SFO:

Leik og sosial læring

Fysiske aktivitetar

Kulturelle-  og læringsstøttande aktivitetar

 

SFO direkte:

Giske kommune brukar direktesfo.no til kommunikasjon mellom foreldre og SFO.

Målet vår er at alle føresette brukar nettstaden for informasjon og kommunikasjon.

Informasjon og vekeplanar vert lagt ut på direktesfo.

Føresette med born i SFO vil få eit brukarnamn og passord som dei kan logge seg inn på.

Desse sidene tilpassar seg PC, nettbrett og telefon. Lurt å legge sida inn som bokmerke.

 Her kan du:

  • Opprette gå-heim-avtale
  • Opprette leikeavtale
  • Registrere sjukt barn
  • Sende meldingar
  • Lese nyheiter
  • Sjå bilete frå eininga

Artikkelliste

Kontaktinfo

Tlf: SFO Vigra
Telefon 41 70 23 10

Opningstider

Måndag-Fredag 07:15 - 16:45