Vedtekter for SFO

Vedtekter for skulefritidsordningane i Giske kommune

Giske kommunestyre vedtok 30.11.2017 i sak 057/17 nye vedtekter for skulefritidsordningane i kommunen. Vedtektene vart endra i 28.11.2019 i  kommunestyresak 111/19

§ 1. Definisjon og formål

Skulefritidsordningane er eit tilrettelagt omsorgs- og fritidstilbod utan om den obligatoriske skuledagen for barn i 1. - 4. klasse, og for barn med særskilte behov i 1. – 7. klasse. Innhald og verksemd i skulefritidsordninga skal vere prega av barn sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.

§ 2. Eigar

Giske kommune er eigar av skulefritidsordningane. Det administrative ansvaret er delegert til rådmannen.

§ 3. Opptak

  1. Rektor ved den einskilde skule har ansvaret for opptaket.
  2. For søknadar til hovudopptaket skal det tildelast plass til alle born på 1. – 4. årstrinn og elevar med særskilde behov på 5. – 7. årstrinn i skulefritidsordninga ved den skulen dei går på.
  3. Søknadar motteke etter fristen blir  satt på venteliste, og tildelt plass ved ledig kapasitet.
  4. Dersom ikkje alle søkjarane får plass, skal det prioriterast ut frå følgjande kriterium:
    1. Funksjonshemma born
    2. Dei yngste framfor dei eldste
    3. Andre særskilde grunnar
  5. Søknadsfrist til hovudopptaket er 01.03. for oppstart i august. Det kan søkjast om supplerande opptak gjennom heile året.
  6. Frist for søknad til hovudopptaket blir kunngjort i avis. Det skal søkjast elektronisk gjennom Oppvekstportalen til Giske kommune. Oppvekstportalen

§ 4. Klage

Tildeling av plass i skulefritidsordningane er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, og kan klagast på. Ei eventuell klage skal leverast rektor for ny vurdering. Dersom rektor opprettheld vedtaket, blir klaga sendt til klagenemnda som er endeleg klageorgan.

§ 5. Oppseiing og endring

Oppseiingstida er to månadar rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Dette gjeld også ved reduksjon av plass. Blir plassen sagt opp etter den 1. mars, slik at sluttdato blir etter 1. mai, må ein betale for plassen ut skuleåret. Oppseiing og søknad om endra opphaldstid må gjerast ved å logge inn i Oppvekstportalen til Giske kommune. Det er den av foreldra som har søkt om plassen/eller registrert som rekningsmottakar som har tilgang til link for oppseiing og endring av opphaldstid. Oppvekstportalen

§ 6. Foreldrebetaling

Satsar for foreldrebetaling blir vedtatt av Giske kommunestyre. Nye satsar blir som regel gjeldande frå 01.01. Betaling for opphald skal betalast med forfall den 16. i kvar månad.

Foreldrebetaling blir krevd inn over 11 månadar. Dvs. f.o.m. august månad - t.o.m. juni månad i det etterfølgjande året. Det skal betalast opphaldsavgift kun for heile månadar. For elevar som blir meldt inn etter skulestart / i løpet av driftsåret, blir det kravd foreldrebetaling for full månad f.o.m. den månaden eleven er innmeldt i ordninga. Tilbodet i haust- og vinterferien inngår i månadsprisen.

Det er 25 % søskenmoderasjon for barn nummer to eller fleire.

§ 7. Friplass

Hovudregelen er at det ikkje er friplass i skulefritidsordninga.

§ 8. Manglande betaling

Ved manglande betalingvil plassen bli sagt opp. Ubetalt opphaldsavgift for tidlegare kommunal plass i barnehage eller skulefritidsordning, for dette barnet eller søsken, må betalast før SFO-plassen kan takast i bruk.

§ 9. Leike- og opphaldsareal

Leike- og opp­halds­areal i skule­fritids­ordninga skal vere tilpassa den aktivi­teten som blir driven. Det må til ei kvar tid vurderast kor mykje areal som skal takast i bruk utanom basen i ordninga.

§ 10. Opphaldstid

  1. Skulefritidsordninga er ope frå måndagen nærast 01.08. til og med fredagen nærast 30.06.
    1. 5 dagar heil plass
    2. 4 dagar heil plass
    3. 3 dagar heil plass
    4. Berre ettermiddag (5 dagar) – i skuleferiane 3 dagar heil plass
    5. Berre morgon (5 dagar) – i skuleferiane 1 dag heil plass
    6. Kjøp av dagar og  timar
  2. Turnusordning blir i utgangspunktet ikkje praktisert. Det er opp til kva enkelt eining å vurdere om det er kapasitet til dette.
  3. Opningstida kan variere frå dei ulike ordningane.
  4. SFO er stengt i romjula, påskeveka og fire veker om sommaren.
  5. SFO har fem planleggingsdagar i skuleåret, og SFO er steng då. Desse dagane ligg ikkje inne i betalinga.
  6. Påmelding til feriane må gjerast innan fristen via kommunikasjonssystemet som er gjeldande for SFO ordninga. Dette pga vi skal kunne berekne bemanningsbehovet. SFO-tilbodet i kommunen kan bli samordna på ein av skulane i feriane

§ 11. Bemanning og leiing

SFO har dagleg leiar. I tillegg tilstrekkeleg barne- og ungdomsarbeidarar eller assistentar.

SFO har ei rettleiande norm på 15 barn per tilsett. For barn med særskilde behov og funksjonshemma barn blir det tilsett ekstra bemanning. Rektor har det pedagogiske og økonomiske ansvaret for SFO. Dagleg leiar har delegert mynde frå rektor, og har ansvaret for den daglege drifta.

§ 12. Teieplikt

Medlemmar i styrande organ for skulefritidsordniga og dei tilsette har teieplikt etter same reglar som gjeld for tilsette i grunnskule, jamfør forvaltningslova § 13.

§ 13. Ansvar/forsikring

Kommunen er ansvarleg for at elevane er forsikra, jamfør opplæringslova § 13-3b og forskrift til opplæringslova kapittel 8.

§ 14. Vedtektene gjeld frå

Desse vedtektene er gjeldande frå vedtaksdato i kommunestyret.

§ 15. Endring i vedtektene

Giske kommunestyre skal godkjenne endringar i vedtektene.