Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnet sin samla innsats for å styrke dei faktorane som direkte eller indirekte fremmer helse og trivsel i befolkninga, samt å svekke faktorar som medfører helserisiko. 

Det overordna målet i folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, samt å redusere sosial ulikskap i helse.

Folkehelse blir skapt på ulike arenaer og vert påverka av blant anna oppvekst, bumiljø, utdanning, inntekt, arbeid og livsstilsvalg.

Giske kommune vedtok hausten 2014 at folkehelse er eit av fire gjennomgåande perspektiv i kommuneplanens samfunnsdel – Vi skal med andre ord tenke folkehelse i alt vi gjer.

Lov om folkehelse

Folkehelselova legg til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid, og handlar om det kvar einskild av oss, kommunen og samfunnet kan gjere for at vi skal få eit sunnare og friskare folk. Folkehelselova legg ansvaret for folkehelsearbeidet på heile kommunen.

 

Fokus for folkehelsearbeidet i Giske kommune er på dei utfordringane vi har funne gjennom folkehelseoversikta, som de kan lese meir om her. Folkehelsearbeidet er også  integrert i planarbeidet i kommunen. Det er utarbeidd eit årshjul for arbeidet, som de kan sjå lenke til under. 

Årshjul folkehelsearbeid 20-21 (PDF, 251 kB)

Giske kommune har sidan 2010 vore med i partnarskapet God Helse med Møre og Romsdal fylkeskommune. Formålet er eit strategisk samarbeid om å utvikle folkehelsearbeidet i fylket. Namnet blir vidareført i God Helse samarbeidsavtalen som gjeld fram til 31.12.2023.

 

Vi er glade for å endeleg kunne  leggje fram folkehelsekartlegging til Giske kommune.  Den inneheld oversikt over helsetilstanden og påverkingsfaktorar for innbyggjarane i kommunen.  Oversikta skal inngå som grunnlag for kommunen sin planstrategi og i prioritering og planlegging både politisk og administrativt. 

 Folkehelseoversikta  finn de her

 

Giske kommune er rik på attraktive og spennande mulegheiter til å drive eit variert friluftsliv og fysisk aktivitet.