Kort fortalt var bakgrunnen for Giske sin søknad knytta til at vi er ei vekstkommune med ei ung befolkning, og der mangel på, eller opplevinga av mangel på, møteplassar er omtalt problemstilling. Stor vekst kan innebere at fleire får opplevinga av å ikkje lenger bur på ein stad der «alle kjenner alle», og ein må vere bevisst kva som bidreg til felles identitet og tilhøyre. Kommunen har ønske om å auke forståinga for og kompetansen på medverknad og å løfte kommunen som samspelskommune. Prosjektet passa derfor bra fordi det skal legge til rette for medverknad frå innbyggjarane i kartlegging og identifisering av nærmiljø- og lokalsamfunnskvalitetar som fremmer helse og trivsel. Vi har og krav om å få betre oversikt over innbyggjarane sin trivsel og livskvalitet gjennom Folkehelselova.
Aktivitetar i prosjektet
I 2016 var samarbeid med NMBU om framtidig utvikling av Roald sentral del av Nærmiljøprosjektet. Fokuset var å identifisere viktige stader og kvalitetar for trivsel og livskvalitet, samt utarbeide forslag for utvikling av Roald basert på brei medverknad frå innbyggjarane. Arbeidet innebar ideverkstadar, intervjuer, kartleggingar, analyser etc. Ulike planforslag for utvikling vart utarbeida og presentert på arrangementet Bygdepuls der innbyggjarane fekk stemme fram beste forslag. Arbeidet resulterte i masteroppgåva Destinasjon Roald av Romslo og Stordalen. Kommunen samarbeidde med Roald velforeining om nytt Bygdepuls-arrangement hausten 2017 i samband med høyring av arealplan. Arbeidet står no delvis på vent, fram til arbeid med områderegulering Roald starter. Rapporten frå Destinasjon Roald kan du finne på sida her.
Ungdata-undersøkinga i 2013 og funn derfrå var noko av bakgrunnen for vår søknad til nærmiljøprosjektet. Kommunen gjennomførte undersøkinga på nytt i 2017, og ønska no betre forståing for resultata. Medlemmar i Barn og unges kommunestyre (BUKS) og 9. og 10. trinn i ungdomsskulane fekk vere med å tolke og forklare resultata, og vi har den måten fått eit verdifullt kvalititativt materiale om korleis ungdom har det i Giske. Du kan lese meir om ungdata-undersøkinga her.
Nærmiljøprosjektet vart undervegs kopla til kommunen sitt omstillingsarbeid Giske2030.no (PDF, 797 kB). Omstillingsprogrammet er i relativt stor grad orientert rundt teknologi og digitale løysingar, og meiropen kommune. Ein ser at biblioteket har eit potensiale i å være møteplass for alle, og i tillegg eit potensielt koplingspunkt mellom kommune og innbyggjarar. Gjennom ideverkstader og samarbeid med NMBU hausten 2017 forsøkte vi å finne kva som er viktige kvalitetar ved gode møteplassar i vår kommune. Her la vi inn omgrepet «smarte og venlege» møteplassar med tanke på omstillingsprogrammet og fordi teknologi og digitalisering er ein del av vår kvardag. Rapportane frå dette samarbeidet med NMBU kan du finne på denne sida.
Biblioteket er ein arena som kan vere ein av responsane på mangelen på møteplassar og som kommunen har ansvar for. Eit godt bibliotek som bidreg til å styrke opplevinga av fellesskap i Giske kommune er kanskje eit bibliotek som har kontakt med landskapet rundt, som tek opp i seg vår historie og vår lokale kultur, som er utforma slik at det fasiliterar kontakt mellom folk og er ein god stad å vere, som har kopling til barnehagane og skulane, som har aktivitet og tilbod til alle, som tek opp i seg kvalitetar som innbyggjarane meiner er viktige og som fungerer som møteplass for alle, uavhengig av alder, kjønn, interesse og prestasjonar.
Alt i dette prosjektet er ikkje like målbart, og nokre resultat ligg fram i tid. Likevel kan ein seie at prosjektet har bidrege til auka forståing for og kompetanse på medverknad. Vi har betre oversikt over kva som er viktig for innbyggjarane sin trivsel og livskvalitet. Noko som stadfesting og noko som ny kunnskap. Vi har betre oversikt over stadar, landskapselement og kvalitetar som er viktige, identitetsskapande og gir oppleving av tilhøyre. Generelt ser vi god kopling mellom folkehelse og menneskevenleg landskapsarkitektur. Prosjektet har også gjort det tydeleg at lag- og organisasjonslivet, butikkane og landskapet/naturen er viktige for sosial interaksjon mellom folk. Gjennom Ungdata ser vi også at det kan vere grunn til å arbeide meir bevisst for å skape fellesskap, både med tanke på tryggleik til å delta og tilgjengelege arenaer for å delta. Å arbeide for at biblioteket kan bli ein slik arena ligg naturleg i tida framover.
Destinasjon Roald - rapport Memories of Tomorrow av Romslo Stordalen 2016
NMBU rapport - Folkets plass 2017
NMBU rapport - Giske slow