Friluftsliv

Giske kommune er rik på attraktive og spennande mulegheiter til å drive eit variert friluftsliv og fysisk aktivitet. 

Kommunen gjennom lag og organisasjonar, bedrifter og kommune kan friste med bading, fjell & fjøre, golf, kiting, klatring, motorsport, padling, riding, seiling, skøyter, surfing, sykling, tur med meir.

Giske er med på turkonkurransen Stikk UT! Idrettslaga har eigne registreringar.

Allemannsretten tyder at du har rett til å ferdast fritt i skogen, på fjellet og langs kysten. Alle skal ha høve til å drive eit aktivt friluftsliv, samstundes som ein skal ta omsyn til grunneigaren. Derfor er det avgrensingar i denne retten, slik at ingen blir skadelidande.