Årets Stikk UT!-turar er klare

1. mai går startskuddet for årets Stikk UT!-sesong. Nedanfor ser du alle turane i Giske kommune. Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt til alle husstandane i løpet av veke 18 (etter påske). Om du treng fleire kan du hente det gratis på sørviskontoret i kommunen.

Som i fjor blir alle turane i fylket presenterte i same kartet og på den same nettsida. Det betyr at små og store turglade kan velje og vrake mellom 398 turar i 30 av fylket sine kommunar. For meir informasjon om Stikk UT! og oversikt over alle turmål i fylket, gå til nettsida for Stikk UT!.

Legg merke til at nokre av turane ikkje kan opnast den 1. mai p.g.a. snø i fjellet. Sjekk turforklaringa om opningsdato før du legg ut på tur.

For deltakarar er det gratis å vere med, og det er enkelt. Registrer deg som brukar på Stikkut, så er du i gang. Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på Stikkut, eller i appen "Morotur" på mobiltelefon. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.

God tur!

StikkUt!-turar i Giske

  • Brimneset / Seglmerket
  • Storhornet, Godøya
  • Rantane, Godøya
  • Roald småbåthamn – Vigra flyplass
  • Utom fjellet – Skjonghellaren
  • Signalen, Valderøya

Artikkelliste