Friluftslivets veke 2024

31.-august-8.september er det friluftslivets veke over heile landet. Også her i Giske oppfordrar vi alle til å nyte friluftsområda våre!

Friluftslivets uke

 

 

Under friluftslivets veke blir innbyggjarane oppmoda til å ta ei overnatting ute i naturen, gå seg ein fjelltur, ein padletur med kajakken eller andre aktivitetar.

Førstkomande søndag 1. september inviterer ordførar Kenneth Langvatn med til gapahuken i Sandvika ved Ågnegjerdet på Vigra. Det blir lett servering og fyr i bålpanna. Ta gjerne med ei pølse til grillen, eller bøtte og spade så borna kan leike seg i strandkanten. Tidspunkt kl. 1300-1530. Parkering ved Rota stadion.

Ingvild Nautvik

 

 

Laurdag 7. september kl. 1100-1400 arrangerast det strandryddedagar på Giske. Plastfritt Hav, saman med kommunen og Sunnmøre Friluftsråd deler ut strandryddeutstyr, Giske vannsport IL låner ut vannsportutstyr og Godfisk.no og Norsk Sildesalslag har sponsa oss så det blir servering av grilla fiskekaker med deilig tilbehør.

Torkild Skjong

Sunnmøre Friluftsråd fyller 50 år iår, og kva er vel ikkje betre enn å feire ute ved eitt av våre mest attraktive friluftsområder!

 

 

Andre aktivitetar som Friluftslivets uke oppmodar til er:

  • Natt i naturen 31.august - 1. september. Ta med ungane eller ein god ven ut og overnatt. Ta fri frå tv og skjerm og nytt stilletida, enten det er i hagen, i fjøra eller på fjellet. Men hugs varsam og sporfri ferdsel.
  • Ha litt fokus på turmat ute på tur, kanskje ein kan hauste mat ein finn ute i naturen, som sopp eller med fiskestang?

 

Ønsker du å vite kva som skjer i andre kommunar, ta ein kikk på aktivitetskalenderen på heimesidene til Friluftslivets uke

 

Giske formannskap vedtok 26. august 2024 å legge ut Plan for friluftslivetsferdselsårer ut på høyring. Denne planen kan ein frå søndag 1. september bla i ute på aktivitetane til friluftslivets veke og på heimesidene våre. Ta ein kikk og send gjerne inn høyringssvar. Høyringsfristen er 1. november.