Høyring - Hovudplan for Vatn og Avløp 2023-2033

Ny Hovudplan for Vatn og Avløp 2023-2033 er no klar for å leggast ut på høyring. 

Giske formannskap gjorde vedtak i sak 090/22 at Hovedplan for Vatn og Avløp 2023-2033 kan leggast ut på høyring. Dette med heimel i Plan- og bygningslova §§11-14 og i samsvar med lovens §§4-2 og 5-2. 

Innspel til forslaget kan sendast skriftleg til post@giske.kommune.no eller Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.

Høyringsfrist: 4. november

Vedlegg:  Hovudplan for vatn og avløp 2022-2033 Høring v2 (PDF, 22 MB)

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for del av eigedomen gbnr. 125/8 m. fl. i Giske kommune.


Arild Dyb og Gunnar Ramsli er forslagsstillar og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.

Giske kommune legg ut søknad om akvakultur for makroalgar på ny lokalitet Hamnøya Sør i Giske kommune til offentleg ettersyn, jf. Forskrift om akvakultur, § 8.  

  

Ny kvalitetsplan for oppvekst er no klar for å leggast ut på høyring med frist 27. oktober. Plana vil gjelde for 2022 - 2025. Overordna visjon for perioden: "Det var bra eg kom" - Å arbeide saman for eit inkluderande fellesskap.

   

 Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med Ålesund, Sula og Giske kommune vedteke “Plan for areal,- klima og transport i Ålesundsregionen”(PAKT). 

 

 Giske kommune tilbyr 8 stipend à kr. 30 000,- årlig til studentar innan sjukepleie eller vernepleie som skal begynne på eller er i første eller andre studieår, eller i første semester tredje studieår. Avtalen gjeld for eitt år i gongen, og stipendet vert utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over.

 Strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050 (PDF, 761 kB), vert lagt ut på høyring frå i dag 28. april og fram til 11. mai 2022.
Alle som ønsker å spele inn tankar om framtida er hjarteleg velkomne.

 

 Korleis meiner du kommunen skal planlegge for utfordringane innan helse og omsorg dei neste 30 åra? Kvar skal omsorgsbustadane ligge i framtida? Kva er viktig å legge vekt på? Kom og sei di meining, det er viktig for oss!

 

 

 Etter lovendring i 2009 er det no krav om at alt jordbruksareal blir drive heile tida, heimla i Jordlova §8. Driveplikt (Sjå utdrag under). Driveplikta er oppfylt dersom du sjølv driv jorda, dersom du leiger jorda vekk til nokon som driv den aktivt eller dersom du har fått fritak frå driveplikta.

 

Giske kommune lyser med dette ut kulturmidlar for 2022. Søknadsfristen er sett til 15.april.

  

 Det vert no opna for søknadar om tilskot til tiltak i Utvald kulturlandskap på Alnes. Tilskotet er avgrensa til tiltak på eigedomar og kulturlandskap på Alnes. Det er løyvd kr. 600 tusen for 2022. Generell tilskotssats er inntil 70% av godkjent kostnadsoverslag. Einskilde fellestiltak inntil 100% av godkjent kostnadsoverslag.

 

Viktige lenker

Ukraina