Kunngjeringar

Komite for miljø- og tekniske saker har i møte den 11.04.2018, sak KMT-024/18 vedtatt med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 å leggje forslag til reguleringsendring, datert 15.11.2017, ut til offentleg ettersyn. Dokument i saka er lagt ved under.
 

Våren nærmer seg og tida er komen for å søkje kommunale kulturmidlar. Søknadsfrist for alle ordningane er: 15.04.2018. Alle søkjarane må registrere søknaden elektronisk på: http://giske.kulturkontoret.no 

Brannsjefen har frå i dag 9. mars klokka 09.00 oppheva det midlertidige bålforbodet i kommunane Giske-, Haram- og Ålesund.

Brannsjefen har vedtatt forbud mot å gjøre opp ild utendørs i kommunene Giske-, Haram- og Ålesund kommune. Forbudet gjelder fra 2. mars 2018 kl. 08.00 og inntil situasjonen endrer seg.

Etter vedtak i kommuneplanutvalet den 26.02.2018, sak F-015/18, blir framlegg til kommuneplanen sin arealdel lagt ut til 3. gongs offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14.

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12 - 12 ledd 4 vert grunneigarar innafor planområdet, naboar til planområdet, heimelshavarar og offentleg mynde gjort kjend med at Giske kommunestyre i møte 08.02.2018, sak K-003/18, i medhald av pbl § 12 - 12 har godkjent detaljplan Giskeremen.

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt (sak 63/13), og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg ein ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 21.februar 2018.