Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan Jussbakken på Godøya

Detaljreguleringsplan Jussbakken på Godøya blir lagt ut til offentleg ettersyn etter vedtak i Teknisk utval den 08.06.2023. Høyringsperioden er frå 17.08.2023 til 28.09.2023

Planforslaget blir sendt til grunneigarar i planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar.

Merknader merkast med namnet til planen og planident 2022002 og sendast til kommunen innan 28.09.2023.

Merknader kan sendast på e-post: post@giske.kommune.no eller til Giske kommune,Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.

Dokument på høyring finn ein i kommunen sitt planregister via denne lenka: arealplaner.no