Samhandling barn og unge

I Giske kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra.

Vi vil gjere vårt beste for å fange opp og hjelpe barn og unge som treng det. Derfor arbeider vi i Giske med Betre tverrfagleg innsats, BTI, og bygger laget som skal jobbe saman med barn og unge.

Denne nettstaden skal hjelpe alle i kommunen, både barn og ungdom, tilsette og privatpersonar, til å vite kva vi skal gjere om vi er uroa for nokon eller ikkje har det bra sjølv. 

 

Kven er du?

Barn eller ungdom Forelder eller føresett         Tilsett                       Vaksen                             

Kva er BTI?

 

Korleis jobbar vi med BTI?

BTI-modellen

Giske kommune arbeider etter samhandlingsmodellen BTI, Betre Tverrfagleg Innsats. BTI- modellen bidreg til tidleg innsats, samordna tenester og brukarmedverknad.  Modellen rettar seg mot tenester som arbeider med barn, unge, gravide og føresette som det er knytta undring eller uro til, og har som formål å skulle sikre heilskapleg og koordinert innsats utan oppfølgingsbrudd.

Grunnmodellen i BTI består av fire ulike nivå. Kvart nivå beskriv gangen i arbeidet med å avklare uro og iverksette tiltak i og mellom tenestene. Brikkane i figuren symboliserer nivåa og tal på tenester som er involvert. Dei ulike nivåa vert knytt saman av den loddrette brikka som strekker seg mellom nivåa. Denne symbolisera stafetthaldaren og stafettloggen, som strekker seg mellom nivåa og skal sikre heilskapleg og koordinert innsats utan at det vert brot i oppfølginga.

BTI-modellen

 

Nivå 0: Avklaring om grunn til bekymring

Nivå 1: Tidleg innsats innanfor ei enkelt teneste

Nivå 2: Tverrfagleg samarbeid mellom to tenester

Nivå 3: Tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

 

 

Handlingsrettleiar

Handlingsrettleiaren er ein rettleiar for korleis tilsette skal gå fram i arbeidet med barn, unge eller familier ein er uroa for. Formålet er å lage ein struktur på arbeidsoppgåvene og beskrive gangen i arbeidet. Giske kommune sin handlingsrettleiar finn du her BTI-rettleiar – Giske – BTI

Verktøy

Under kvart trinn i handlingsrettleiaren er der ulike verktøy som kan vere til hjelp for den enkelte tilsette, heilt frå fasen der vi oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltak. 

Eit viktig verktøy i BTI-modellen er det digitale samhandlingsverktøyet Dips samspill. Dette blir brukt på tvers av fag og sektorar, og stafettloggen er ei trygg kommunikasjonsplattform for både ungdommen, føresette og tilsette. Her finn du informasjon og rettleiing i forhold til bruk av Dips: Hjelpesider Dips Samspill

Påloggingssida til Dips samspill finn du her DIPS Front Autorisasjonstjeneste

I tillegg har vi ei tiltaksoversikt med oversikt over tenester og tiltak i Giske kommune. Den finn du her Tiltaksoversikt - Giske kommune