Foreldre og føresette

Det å vere foreldre eller føresette til barn og unge gir mange gleder. Nokre gonger kan ein også kjenne på ei uro. Kanskje for ei endring i oppførsel, at barnet eller ungdommen har vanskar med å kome seg på skulen, fell utanfor sosialt, eller noko anna. Det er viktig at du som forelder eller føresett tidleg tek kontakt med nokon dersom uroa blir verande eller veks. På denne sida har vi prøvd å samle litt nyttig informasjon til deg som forelder eller føresett, for å gjere det lettare for deg å orientere deg i ulike tilbod, tenester og tiltak.

Desse kan du kontakte

Barnehage og skule
Helsestasjon
Barnevernstenesta
Mobbeombod
Politiet

Nyttige nettstader

Tiltaksoversikt BTI
Barn og unges helseteneste
Dips
Foreldreutvalg for grunnopplæring og barnehager, FUG og FUB
Nettvett