Skulehelsetenesta

Kontakt helsestasjonen slik det står på følgjande nettsider:

Skulehelsetenesta i Giske kommune er lagt opp etter forskrift av okt 2018 om kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste, og drifta etter nasjonale faglege retningslinjer frå 2017 Helsesjukepleiar har ansvaret for skulehelsetenesta og kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgivar. Helsesjukepleiar har fast tid på skulen , og legeundersøking blir utført i 1 klasse.

  • Valderøy Barneskule - Eva Britt Skylstad 900 78 919 og Sofie Hansen Rønning 900 92 663
  • Valderøy Ungdomsskule- Ann Elisabeth Roaldsnes 90867754  og Sonia Urkedal 900 82 636
  • Vigra Skule-  Yvonne Magnussen 90836087  og Sofie Hansen Rønning 90092663
  • Giske Skule- Hildegunn Sæbø 900 45 532
  • Godøy Skule - Hildegunn Sæbø 900 45 532

Helsesjukepleiarane har normalt kontakttid mellom 08.30-15.00

Målet for tenesta er å fremje helse og utvikling i oppvekståra. Den skal i samarbeid med heim, skule og hjelpeapparat arbeide for å identifisere og løyse dei helseproblem som spesielt knyter seg til skuleeleven sin situasjon. Skulehelsetenesta skal arbeide for at elevane går ut av skulen med ei så god helse som mogleg og med ei åtferd som påverkar helse, livsstil og livskvalitet i ei positiv retning.

Helsesjukepleiarane har trefftid på skulane og har faste dagar på skulen. Foreldre, elevar og lærarar kan ta kontakt.

OVERSIKT

1. klasse

Skulestartundersøking med helsesjukepleiar og lege på helsestasjonen. Motorisk test, hørselstest, vekst og somatisk helseundersøking. Haldningsskapande arbeid med helseopplysning om diverse tema. Foreldrerettleiing. Spørjeskjema til foreldre i forkant om helse og trivsel til borna.

2. klasse

Vaksine DTP-IPV mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio på skulen.

3. klasse

Undervisning på skulen med helseopplysning i grupper om eigenomsorg og personleg hygiene, kosthald -matpakke, ulykke skade skulemiljø, sosialt nettverk skulemiljø, fysisk aktivitet. Vekstmåling av alle på skulen.

4. klasse

Psykisk helseundervisning  i tre bolkar.

5. klasse

Helseopplysning i grupper om pubertetsutvikling, helse, kost, livsstil og eigenomsorg. Tobakk og rus. Fysisk og psykisk helse.

6. klasse

Vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar. MMR vaksine. Meistringsgruppe 

7. klasse

Vaksine HPV til alle. 2 dosar med 6 mnd mellomrom.

8. klasse

Målretta helseundersøking av enkelte elevar på bakgrunn av tidlegare funn eller behov. Vekstmåling av alle med tilbod om oppfølging. Spørjeskjema heim og samtale individuelt.

9. klasse

Undervisning om psykisk helse.i tre bolker.

10. klasse

Helseopplysning i grupper om forplantningslære, prevensjon, seksualitet og SOS. fysisk og psykisk helse. Vaksine mot poliomyelitt, kikhoste, difteri og stivkrampe.

I alle klasser blir enkelt elevar fylgde opp ved behov. Undervisning i andre aktuelle tema enn nemnt her ved ønskje.

I tillegg har vi

Bapp gruppe for born og unge som har foreldre som slit med psykisk helse og rus.

Foreldreveiledningsgruppe for foreldre. ICDP foreldreveiledningsgruppe og Cos-p foreldreveilednings gruppe.

Kontaktinformasjon

Gretha Giske
E-post
Telefon 97 02 82 34
Mobil 97 02 82 34
Tone Marie Giskegjerde
E-post
Mobil 41 70 18 99