Vaksen

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan være avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Vi som arbeidar med barn og unge i Giske kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med deg for at alle barn og unge i kommunen skal få ein trygg og god oppvekst. 

I vår kommune ønsker vi at bekymringar og uro, smått eller stort, blir tatt på alvor.

Om det er eit ufødd barn, eit barn eller ein ungdom i familien din, vennekretsen eller i nabolaget er det godt å ha ein vaksen som ser situasjonen til barnet og bidreg til at barnet/ungdommen får den oppfølginga det skal ha.

Her finn de nyttig informasjon om kven du kan kontakte dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom, samt gode råd som kan vere til hjelp.

Dersom du har mistanke om at eit barn eller ein ungdom blir utsett for vald eller overgrep, skal du melde frå direkte til politi eller barnevern. 

Desse kan du kontakte

Barnet sine føresette
Skule og barnehage
Helsestasjon
Barnevernstenesta
Politi

 

Dette kan vere til hjelp

Råd til trenare, leiarar og instruktørar i frivillig sektor
Kva signal bør eg sjå etter?
Korleis bør eg snakke med barn?