Barn eller ungdom

Har du det vanskeleg heime, på skulen eller i fritida, eller veit om nokon som ikkje har det bra, er det viktig at du seier ifrå. Å seie ifrå kan være med på å gjere ein vanskeleg situasjon betre.

Nokon du kjenner deg trygg på?

Er det ein person du kjenner deg trygg på? Som du syntes det er lett å snakke med? Ein venn, nokon i familien, ein nabo, ein lærar eller kanskje ein fotballtrenar? Det er mange du kan snakke med, som vil lytte og hjelpe deg.

Det viktigaste er at du delar det som er vanskeleg med nokon.

Dersom du syntes det er vanskeleg å kome på nokon, eller du ønskjer å snakke med andre, kan du ta kontakt med ein av dei som står oppført under her.

Helsesjukepleiar
Læraren din
Fastlege
Barnevern
Politi

Hjelpetelefonar, chattetenester og nettstader

Opplever du mobbing?
Hjelpetelefonar og chattetenester
Dine rettar
Har du det vanskeleg heime?
Nettvett