Alnes - utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL)

Jordbrukslandskapet er skapt av menneske i samspel med naturen. Bygningar, steingardar, gravhaugar og ferdselsårer er bygde, og slåttenger, lyngheier, beitemarker og lauvingslier har blitt til gjennom bruk av areal gjennom lang tid. Heilskapen av gardstun og inn- og utmark i opne og varierte jordbrukslandskap er resultat av den samla aktiviteten. Desse verdiane kan berre takast vare på gjennom aktiv bruk, vedlikehald og skjøtsel.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (heretter UKL) er ei økonomisk satsing og ein arbeidsmåte for å ta vare på eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap. UKL er ei tverrfagleg satsing/ordning organisert som eit spleiselag mellom landbruksmynde og miljømynde. Sentralt er samarbeidet mellom Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren, og med regional landbruks-, natur- og kulturminneforvaltning, kommunen, grunneigarar og landbruksføretak. Landbruksdirektoratet koordinerer arbeidet. Frå og med 2020 skal kommunane overta oppgåva frå Statsforvaltaren som koordinator lokalt/regionalt.

Ordninga vart vedtatt i 2009, og er ei frivillig ordning. Alnes, som er eitt av fleire slike område i heile landet, kom inn i ordninga i 2017 etter søknad frå lokalmiljøet.

Målsettingar

Satsinga har som mål om å ta vare på variasjonen i jordbrukets kulturlandskap, og å ta vare på biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Grunnleggande for val av område er at dei i størst mogleg grad omfattar jordbrukslandskap med svært store biologiske - og kulturhistoriske verdiar.

UKL er ei tilskotsordning og med tilgang til faglege ressursar på lokalt og regionale nivå (kultur, landbruk, miljø) for å ivareta eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap. Føremålet er å bidra til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø. Det må vere realistisk å få til langsiktig skjøtsel og drift i områda. Det ligg ingen fredingar knytt til dette, men dei offentlege verkemidla innan plan- og bygningslova og andre planverktøy skal brukast som vanleg.

Landbruksdirektoratet sine nettsider kan du bl.a. lese meir om ordninga, kven som kan søkje tilskot, her er publikasjonar og rapportar og anna.

Lokal arbeidsgruppe

Det er nedsett ei arbeidsgruppe med representantar frå lokalmiljøet, regionalt nivå og kommunen. Gruppa bør brukast til å kartlegge lokale behov ved å innhente info/kunnskap frå lokalmiljøet, den kan gi råd til sekretaritatet, jobbe med fellesprosjekt, men skal ikkje drive med saksbehandling. Per i dag er følgjande med:

  • Alnes felleseige og utmarkslag v/Åsgeir Nordstrand og Linda Alnes Optun
  • Alnes vel v/Oddveig Norunn Alnes
  • Alnes fyr og opplevelsessenter v/Anja Aaram Alnes
  • Fylkeskulturavdelinga v/Siv Aksdal (fylkeskonservator)
  • Statsforvaltaren v/Ragnhild Naug Aas (landbruk)
  • Giske kommune v/landbruksrådgjevar Kårstein Haram - Ålesund landbrukskontor

Medlemmane kan byttast ut over tid slik at f.eks. Alnes nærmiljøutval, Godøy IL og Alnes småbåtlag kan vere med etter kvart om ein finn ut at dette er fornuftig.