Næringsutvikling - å etablere eigen bedrift

Næringskontoret i Giske har som hovudoppgåve å vere kontakt mellom næringsdrivande og dei kommunale kontora i næringssaker.

Kontoret driv mellom anna rettleiing for etablerarar, kontaktformidling og allmen næringsinformasjon til og om næringslivet og bedrifter.

Næringskontoret er sertifisert som "hoppid.no- kontor" med rettleiing for etablerarar og nystarta bedrifter i kommunen: Har du ein god ide til å etablere eigen arbeidsplass eller eiget firma, kan næringskontoret vere samtalepart eller hjelpe med å søkje støtte frå det kommunale hoppid-fondet.

 

 

Om støtteordningar ved etablering

Det finst ei rekkje statlege støtteordningar for oppstarting av verksemd gjennom lån og tilskot til investeringar, og etablerarstipend til den einskilde. Meir om støtte til gründerar og etablering av firma finn du på nettsidene til Innovasjon Norge.

Hoppid-fondet er for etablerarar med forretningsidear i ein tidleg fase. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare problemstillingar kring organisering, marknadspotensiale, lønsemd og andre spørsmål som kan avgjere vidare framdrift for bedriftsetableringa. Maksimal støtte er for tida 30.000 kr; støtte er avhengig av forretningsideen og vekstpotensialet.

Info om næringsfond i Giske ligg her

Meir informasjon om å etablere bedrift finn du blant anna på desse nettsidene:

Artikkelliste